Det har vorte gjennomført 3 dugnadsøkter på Runshaugsætra: 20/6, 26/6 og 4/7. Vi fekk ein verkeleg fin start på ryddinga. Mest på sætervollen, for her har vi fått rydda omtrent halvparten av det som trengs.
Knallvarmt vèr, gjorde at det vart ganske strevsamt å kjempe mot eine, lyng og mygg/klegg. Blåbæra var også blitt so fine at vi måtte pause litt i arbeidet for å nyte desse.
Håpet er at vi får fleire dugnadsøkter ut på seinsommaren, og helst klart å få rydda råsa til Storevatnet før jakta.
Utmarkslaget har fått kr. 10 000,- til dette prosjektet, og tidsramma er 3 år.