Måndag 25.mars 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Hei og Hå 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Feiande flott haustfest i Hei og Hå 4H

Søndag 15. november

Av O. Vereide

Med 20 aktørar på scena og 20 godt gjennomførte 4H-prosjekt utstilt i salen var det mykje fint ,morsomt og interessant å sjå og høyre i Bygdatun på søndag 15.nov.
Festleiarane Maren og Oline Birgitte losa oss stødig gjennom eit allsidig program med sketsjar av forfattar Rune Belsvik, dans og musikk. Sigrid song og spelte gitar både før og etter matpause med 4H-pizza, kake og kaffi.
Annette presenterte ein power point frå det spennande venskaps-samarbeidet vi har med Ghana 4H. Vi fekk sjå kle som er produsert av ein 4H-klubb som har fått støtte frå mikrokreditt-fondet som er etablert.

Tusen takk til alle som hjelpte oss
-Kim Andre Husevåg som styrte teknikken slik at lys og lyd kom og gjekk som det skulle og til Maurstad Ungdomslag for lån av utstyr.
-Synnøva Sæbø Åland, Kristin Maurstad og Henriette Sunde for vurdering av prosjekt og utdeling av merker og sølvskei til alle 4H-medlemane.
-Alle foreldre som hjelpte til med stort og smått og alle som kom og støtta oss.

















































Gå til nyhendearkiv

Søknadsskjema til Bryggja skule AS
17-mai komiteen på Bryggja 2019
Trekningsliste, Haustfesten til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Status pr. 26.oktober. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun

 

9. mar - 23. mai
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
27. mar
Orienteringsmøte ang. grensejustering
31. mar
MUSIKKBASAR for Bryggja skulekorps
Bryggja Skulekorps
4. apr
Årsmøte i Bryggja Utviklingslag, frist saker 28.mars
6. apr
Dugnad på skytebana Nave
Bryggja Skyttarlag
7. apr
Ytre Nordfjord Brass held konsert i Flatraket skule, sjå plakat på butikkane
Ytre Nordfjord Brass
17. apr
Revy og dans
Bryggja Bygdatun
28. apr
Samlagsstemnet i Felt
Bryggja Skyttarlag