Onsdag 19.juni 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Idrettslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Allidretten er på beina igjen!!

Fast treningsdag blir torsdagar

Av Therese Solibakke

Gledeleg melding til alle småbornsforeldre: Allidretten er oppe og går igjen!
Etter rundskriv med interesse skjema, og informasjonsmøte 2. febr, ser vi lyst på framtida for Allidretten i regi av Bryggja IL!
Sett av torsdagane til Allidretten!


Pause på isen




Vi startar opp med Allidretten igjen Torsdag 11.februar.
Frammøte vert på Stadion- klubbhuset kl.17.30.

Forhåpentligvis har vi fortsatt fin vinter, slik vi har skileik / skøyting ute på bana denne dagen.
Ta på varme kle, drikke i termos, og ski/akebrett/skøyter for ein snø-aktivitetskveld.

Vi satsar på å ha Allidrett fast kvar torsdag, for begge barnegruppene, med ulikt tidspunkt:
• Barnegruppe 1 (04, 05 og 06 borna) byrjar kl 17.30 til 18.30.
• Barnegruppe 2 (1.kl til 4. kl) byrjar 18.30 til 19.30.

Det blir laga ein halvårsplan med tema for kvar torsdag, slik at de kan sjå kva vi skal gjennom og evt. førebu borna på. Kom gjerne med innspel til denne på mail: ssoliba@online.no.
Vi legg vekt på å følgje årstidene, og vere mykje ute når vèret tillet det. Då kan vi slå oss i hop og ha felles aktivitetar – ikkje låse oss til inne-aktivitet, men nytte både skog og fjell..
Dette vil i så fall bli informert om på førehand – så følg med på Bryggja.no og evt. oppslag på butikkar og i barnehagen.

Therese og Jens Frode er kontaktpersonar for allidretten, og vil stå som ansvarlige for det meste av aktiviteten. Men dei treng hjelp frå foreldra til ulike oppgåver undervegs. Fleire foreldre har meldt at dei kan vere behjelpelege i aktivitetane, så det er flott om du og kan bidra med noko.
For dei aller minste borna (06-borna) er det ynskjeleg at ein forelder er tilstades.

Føresatte/vaksne som skal vere med å leie i Allidretten, vil verte krevd for politiattest, då dette er eit krav frå NIF. Den skal vere av nyare dato. Denne politiattesten skal visast fram for Styret v/formann i Bryggja Idrettslag.

Ver med å skap aktivitet og trivsel for borna i bygda vår!!

Mvh

Styret i Bryggja Idrettslag



Gå til nyhendearkiv

Status 25.mai 2019. Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Tusen takk frå 17.mai komiteen !
Program for 17-mai på Bryggja 2019
Onsdagsturane og kløverutrane i 2019, plakat
Bryggja Sanitetsforening
Cruiseanløp til Norfjord i 2019
Søknadsskjema til Bryggja skule AS
17-mai komiteen på Bryggja 2019

 

19. jun
Onsdagstur til Kringla
Bryggja Sanitetsforening
26. jun
Onsdagstur til Rimsstadosen. Sløyfer setra i år
Bryggja Sanitetsforening
3. jul
Onsdagstur til Falkeviksætra frå Almenningsfjellet
Bryggja Sanitetsforening
10. jul
Onsdagstur og KLØVERTUR. Movatnet- Høglia, grilling i Høglia. Transportmulighet.
Bryggja Sanitetsforening
29. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
2. nov
Country-fest i Bryggja Kulturhus
Vestavind