Måndag 18.november 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Hei og Hå 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Hei og Hå 4H-året 2014

Av Oddfrid Vereide

Haustfesten markerer avslutning på 4H-året. Medlemane stiller ut prosjekta dei har arbeida med og øver godt program til festen.Så må styret førebu årsmøte, som er starten på det nye arbeidsåret.

Her er nokre glimt frå 2014

Årsmøte Sogn og Fjordane 4H
Årsmøte Sogn og Fjordane 4H
Leiar, sekretær og styremedlem deltok på styrekurs og årsmøte i Sogn og Fjordane 4H på Skei 7.- 9. februar ilag med 150 delegatar frå heile fylket.


Svartkvit flugesnappar i holk
Svartkvit flugesnappar i holk
Ved Lefdalsvatnet var det mange hekkande fuglar i holkane vi har hengt opp.


Egg svartkvit flugesnappar
Egg svartkvit flugesnappar
Kjøtmeis og svartkvit flugesnappar er lette å få som holk-rugarar. Kjøtmeis er standfugl og kan også bruke holkane til skjul om vinteren. Svartkvit flugesnappar er flyttfugl og kan overvintre så langt sør som Vest- Afrika.


Lefdalsvatnet
Lefdalsvatnet
Når forholda tillet det er det alltid kjekt å fyre opp eit bål.


Krokpollen
Krokpollen
Norsk Kystleir i Krokpollen har blitt eit populært turmål ilag med naboklubben vår. Fisking, kano, kajakk, båt, tube, bading og ikkje minst songkonkurranse mot Trekløveret 4H frå Kjølsdalen.






Volleyball-trening med Ni-Chien
Volleyball-trening med Ni-Chien
I august hadde vi besøk av Ni- Chien som var med oss i Krokpollen og på volleyballtrening. Ho var 4H-utveksling frå Taiwan og var i Norge i tre månader og budde hos ulike vertsfamiliar for å lære om vår kultur og korleis vi driv 4H. I Taiwan er det mange 4H-klubbar og norske ungdomar kan reise på utveksling til Taiwan.


Volleyball-turnering på Stårheim
Volleyball-turnering på Stårheim

Den beste heiagjengen på turneringa
Den beste heiagjengen på turneringa
I lag med alle klubbane i Eid og Bremanger spelte vi volleyball-turnering på Stårheim med god innsats både på bana og i kiosken som medlemer frå Hei og Hå 4H hadde ansvar for.


Kunsthuset i Rimstaddalen
Kunsthuset i Rimstaddalen
Gerd rettleiar i grunnfargar og korleis ein skal blande fargar for å få fram dei nyansar ein vil ha.


Flott resultat
Flott resultat
Alltid triveleg å få kome til Kunsthuset i Rimstaddalen og få sjå litt av det Gerd Endestad arbeider med, og dra veksel på stor kunnskap og engasjement.

Gå til nyhendearkiv

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (1021: Disk full (/var/dagendin_system/temp/mysql_tmp/#sql_3304_9.MAI); waiting for someone to free some space... (errno: 28 "No space left on device"))
Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud