Måndag 28.september 2020
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bygdatun - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årsmøte i Bryggja Grendahus SA

For meir informasjon og sakliste, sjå 21. mars under "Neste arrangement"

Med omlag 240 medlemmer i ryggen kallar vi inn til det første årsmøtet i det nye samvirket Bryggja Grendahus SA.
For alfabetisert medlemsliste, sjå under Grendahuset og "om oss". Vi manglar førebels namn på representant og vara for nokre lag (markert med ? i kolonna for fornamn).

Årsmøtet er det beste høvet til å bli oppdatert om stoda i Grendahuset, både om økonomi, vedlikehald, planer og dagleg drift.
Valnemnda er i gong med arbeidet sitt, så risikoen for uventa å ende opp med styreverv er mikroskopisk!

Styret håper på stort frammøte og engasjement for bygda si storstove og ønskjer alle hjerteleg velkomne!

Gå til nyhendearkiv

Trekningsliste Vårlotteri, Vestavind 2020
Vestavind
Trekningsliste Bryggja skulekorps 23.06.2020
Bryggja Skulekorps
Sakliste og rekneskap til årsmøte i Bryggja utviklingslag den 29.06.2020