
Vi vart einige om å prøve med dametrim ein gong i veka, fortrinnsvis onsdag.
Lengda på trimmen vil variere frå 1(kl. 20) til 1.5 (kl. 21.30) timar, alt etter kva aktivitet vi har.
Forslag til aktivitetar var mange, og vi vart einige i å vere varierte og allsidige.
Vi følgjer året slik at vi er ute når det er høve for det, og meir inne på seinhaust/vinter.
Aktivitetar som kom opp var;
fjellturar( Bekslehornet/Sunnivahornet/Hanekamben), sykling, trappene i Selje, bruk av dei ulike trimløypene (strandaberget, vassdalen..fleire?), volleyball, kulturleikar (”gamle” leikar), saltrening, klatreveggen i polljen, step, aerobic (litt vanskeleg då vi ikkje har TV eller godkjent instruktør – men dette er i alle fall med på lista så ser vi), linedance, dans, ski (vinter i lysløypa, ev andre stadar), damebading, innebandy, tøying/strekking, styrketrening, spinning (treningssenteret) …ja lista er lang. Har du gode idear – kom med dei;)!!
Primært skal vi vere minst mulig avhengig av andre ”betal-idrettar”, dersom stemninga likevel er der for t.d spinning på treningssenteret i Måløy – diskuterer vi som gruppe dette!
Therese set opp ein plan for dei ulike vekene fram til jul – slik at vi får ei oversikt, og veit kva vi skal gjere. Når vi vert inne på Grendahuset, vert det og laga vaskeliste – slik at dette går på omgang!
Charlotte Hessevik (fysioterapeut) vil hjelpe oss med meir struktur i plana og ”treninga”, for at det vert mest mulig hensiktsmessig for oss.
Vi snakka OG om å ha ei juleavslutning - sosialt, dette må vi verkeleg kome attende til ut på hausten
Dersom du lurer på noko – ta kontakt med Therese!!
ONSDAG 18. AUGUST KL. 20 STARTAR VI OPP!!!
Det vil kome meir informasjon i forkant! Plan for halvåret vert delt ut på fyste trim dag;)
DETTE VERT KJEKT!!
VEL MØTT!!!
|