Tysdag 21.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Idrettslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Nærmiljøanlegg på Bryggja

Ballbinge og utviding av leikeplassen ved skulen

Av Jens Frode Vågen


Bryggja idrettslag, i samarbeid med Bryggja skule og FAU ved skulen, er godt i gong med arbeidet for å få opp ein ballbinge ved nærmiljøanlegget på Bryggja skule. Går ting vår veg, kan vi komme i gong allereie no i oktober månad..










Det er satt ned eit utval, beståande av VIviann Midtbø (skulen), Berit Kongsvik (FAU) og Jens Frode Vågen (BIL), som har jobba mykje med papirer og diverse søknadar. Interessen blant foreldra i bygda er veldig stor og mange har allereie sagt dei skal vere med å sette opp bingen på dugnad.
Det er delt ut nokre gåvebrev til lag, organisasjonar og bedrifter i området vårt. Det er sjølvsagt høve for privatpersonar å støtte prosjektet. Håpet er at prosjektet kan realiserast ved hjelp av tippemidler og noko privat finansiering.
Vi har laga eit informasjonsark, som vi kjem til å leggje ut på sida. Ein kan då fylle ut skjemaet og levere dette til utvalet, eller berre sette penger på nærmilljøanlegget sin konto.
Kontonummeret for nærmiljøanlegget på Bryggja er: 3790. 15. 31103

Har du lyst til å støtte dette flotte tiltaket, er det berre å ta kontakt med rektor ved skulen eller Idrettslaget, så får du den informasjonen du treng.
Ta gjerne kontakt om du har spørsmål..

Gå til nyhendearkiv

Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass