Måndag 15.oktober 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Idrettslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Prosjekt i lysløypa

Bryggja idrettslag er i gong med planlegging for å ruste opp/oppgradere den fine lysløypa vi har ved vassverket i Heggjedalen.

Vi er til no begynt med å søkje midlar til prosjektet. Dette er eit kostnadskrevande prosjekt som er avhengig av støtte frå fleire hold for å få det realisert. Vi har og vore i kontakt med grunneigarar og andre som var med å lage til lysløypa for 30 år sidan, for å få idear om korleis dette bør gjerast.

Idrettslaget har ca. 100 medlemmar. Tidlegare har vi hatt eiga skigruppe, fotballgruppe og orienteringsgruppe, men pr. i dag driv vi med allidrett for barn frå 4 – 10 år. Vi har fleire ambisjonar for tida framover, m.a. med å få i gang att både skigruppe og orienteringsgruppe. Ved å kunne realisere prosjektet i lysløypa meinar vi at det vil gje store ringverknadar for mange ulike aktivitetar i idrettslaget og i bygda elles.

Prosjektet:

Vi har ei fin lysløype på ca. 1550 meter som vert nytta til langrenn om vinteren. Vi ynskjer å ruste opp og oppgradere eksisterande trase til å vere ei heilårs trimløype. Vi har allereie lys rundt heile traseen, men har behov for å lage til skikkeleg grusveg for å få det slik vi ynskjer.
Vi vil og at vegen skal vere av så god standard at rørslehemma personar kan ferdast der både i manuell og motorisert rullestol.
I tilknytning til traseen ynskjer vi å utruste 4-5 rasteplassar med benkar og ein gapahuk med grillplass.

Lysløypa ligg i gangavstand for store delar av bygda, inkludert skulen, som alt nyttar området til uteaktivitetar. I tillegg kan det bli eit flott anlegg for heile nærområdet som alle kan nytte til rekreasjon. Vi tykkjer det kan bli veldig bra moglegheitar å bruke anlegget til spasering, jogging, sykling, sosialt samvær og fellesskap m.m. i tillegg til langrenn slik som i dag. Alt dette er helsebringande og sunne aktivitetar. Det er og med på å skape samhald og stolthet ved å få til noko i fellesskap.

Prosjektet vil vere til glede og nytte, samt helsebringande for mennesker i alle aldersgrupper og livssituasjonar i nærområdet.
Idrettslaget eig og ein snøscooter som vert brukt til å køyre opp løyper med.

Vi har allereie eit godt samarbeid med grunneigarane og Vågsøy kommune, som alle er positive til planane vi har.
Vi håpar at arbeidet vil kunne starte opp våren/hausten 2012. Det vert ein del entreprenørarbeid ifht vegen, men det vert og mange timar på dugnad. Vi håpar mange har lyst og anledning å bli med på det når den tid kjem!

Viss nokon har spørsmål eller idear om prosjektet er det berre å ta kontakt.

Mvh styret i Bryggja idrettslag.

Gå til nyhendearkiv

Trekningslista frå sanitetsbasaren 30.sept
Bryggja Sanitetsforening
Status pr. 6.september, Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Invitasjon til å teikne aksjar i Nordfjordbrua AS.
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
7. sep - 29. nov
Her ligg haustplanen for Fjordly Ungdomssenter
21. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H, dørene opner kl 15.00
Hei og Hå 4H
25. okt
Ope folkemøte stadsutvikling Bryggja i Stad kommune
27. okt
Salsmesse i Bryggja Grendahus
Bryggja Bygdatun
17. nov
Julebord
Bryggja Bygdatun
28. des
Romjulsdans med revy 28 desember
Bryggja Bygdatun