Fredag 22.juni 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Hei og Hå 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Oppstart etter sommeren

Storkurs, Krokapollen og masse meir

Av Sigrid J Husevåg

4H er fullt i gang igjen etter sommaren og byr på mange artige aktivitetar.
fyrst og fremst anbefalar eg Storkurs på Vassenden for junior og senior medlemmar som har på meldingsfrist no på Fredag den 24. August. Så meld dykk på ein fantastisk opplevelse. Om Storkurset

Knallbra kursprogram på årets storkurs!
7.-9. september er det igjen klart for storkurs i 4H på Vassenden! Lyst å prøve deg på brevandring, sminke, teater, paintball, kurs i hip hop eller eit anna spennande kurs? Les meir om årets storkurs!

I år har vi fleire nye spennande kurs på storkurset 7.-9. september. I tillegg til kursa blir det mange andre kjekke aktivitetar som volleyballcup, bli-kjent program og fest med underhaldning og musikk. Nytt av året er at også du som er 12 år eller fyller det dette året kan vere med på storkurs. Last ned kursbrosjyren.

Påmeldinga opnar 14. mai og påmeldingsfristen er 24. august.

På nokre kurs er det avgrensa tal plassar, dei som først melder seg på får plassane.

Påmelding gjer du på min side på www.4h.no/sognogfjordane. Brukarnamnet er det same som medlemsnummer. Dette kan du få frå klubben eller 4H-kontoret. Manglar du passord kan du få dette tilsendt på e-post. Du må i så fall ha e-post adressa di registrert i medlemsregisteret til 4H. Treng du hjelp til å legge inn e-post adressa, kontakt styret, klubbrådgjevar eller 4H-kontoret.


Storkurset kostar kr 650,-. Søsken: Kr 550,-. Enkelte kurs har eigenbetaling.

Informasjon om Storkurset

Gå til nyhendearkiv

År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Status pr.13.juni, Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Onsdagstur / Kløvertur på Bryggja, her ligg plakaten
Bryggja Sanitetsforening
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje
Referat frå Bryggja utviklingslag sine møter

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00