Tysdag 21.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Hei og Hå 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Pangstart

Knall start på 4H året

Av Sigrid Johanne Husevåg

Laurdag 16. Mars var det Pangstart på Hjelle der medlemmane fekk ein god start på oppgåvene sine. 11 medlemmar og 4 ledarar reiste frå klubben vår og prøvde ut aktivitetane Hestehoven 4H hadde å by på.

Alle medlemmane kunne velje mellom å vere med på Matlaging, Form og Fantasi og Friluftsliv og vi hadde medlemmar på alle gruppene. Matlagingsgruppa lagde gryterett med salat, og krydderkake til dessert som alle fekk smake på. Form og fantasi gruppa lagde portrett på lærret og Friluftsliv gruppa lagde gapahuk.
Etter mat vart det fellesaktivitetar og leikar. Aball var ein av fellesaktivitetane. Aball er eit heilt nytt konsept som blander læring med leik. Du kan lese meir om Aball her.
Etter alt dette var det litt tid for å skrive i oppgåveheftene før ein avslutta det heile med eit diskotek.


































Gå til nyhendearkiv

Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass