Torsdag 23.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Idrettslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årsmelding Bryggja idrettslag 2012

Aktiviteten i laget har i stor grad vore i forhold til allidrett, samt oppstart i oppgradering av lysløypetrase' i Kvievassdalen.

Allidretten er eit tilbod til born frå 4 år og oppover til og med 7. klasse. Flest born frå barnehage og frå 1., 2. og 3.klasse. Fast treningsdag er torsdagane i grendahuset, men har også treningar ute om veret er godt.

I samarbeid med Bryggja skule, har vi gått saman om å kjøpe inn diverse utstyr som skal nyttast av både idrettslaget og skulen. Det vart kjøpt utstyr for 30.000 kr, der 10.000 kr vart gitt som tilskot frå idrettskrinsen.

Born mellom 6 og 8 år fekk tilbod å vere med på symjekurs "trygg i vann". 15 born meldte seg på, og kurset vart finansiert gjennom gjensidigestiftelsen.
Lars Jepsen hadde ønske om å starte med ei fotballgruppe for dei minste, og sendte ut forespørsel til alle aktuelle. Responsen var heller liten, men vil starte opp med dei få som viste interesse i 2013. Fleire vil sannsynlegvis komme med etterkvart.

Oppgradering av lysløype til også å vere eit turområde i sommarhalvåret, har kome godt i gong. Ny bru over elva er ferdiglaga, som i stor grad er utført av Asbjørn Nore. Vidare er det tilkøyrt grus som skal brukast som toppdekke i traseen. Pr. i dag er det forhandlingar med grunneigarar for å få ein endeleg avtale om å få utføre oppgradeinga. Dette har teke lengre tid enn planlagt, men håpar å få avtalen i hamn før våren. Prosjektet har fått 50.000 kr frå sparebankstiftinga, og dette er gått til innkjøp av grus og bygging av bru. Det er søkt om fleire midlar til prosjektet.

Som i 2011 hadde vi kakelotteri i forbindelse med morsdag i februar og farsdag i november. Dette gav ca 10.000 kr i inntekter.

Den årlege varetellinga hos Aalen Bunnpris vart også gjennomført i januar.

Styret har hatt 7 møter gjennom året, i tillegg til årsmøte.

For Bryggja idrettslag, Jan Kåre Garshol.

Gå til nyhendearkiv

Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun
Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass