Torsdag 23.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bygdatun - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Dugnaden "for lysare tider"

Arbeidet vart gjort mellom regnbygene 30. og 31. august 2013

Av Inger Johanne Heikkinen

Styret i Grendahuset vil rette varm takk til dei som møtte og gjorde ein STOR dugnads-innsats:
Alice, Dagfinn, Kari, Kitt, Oddfrid, Oddrun og Per.

Uteområdet er for stort til at vi greier å halde det pent og ryddig.
I bedet mot fjellet på oppsida voks små-bjørk og ugras i full fres gjennom duken og tok aldeles overhand.
No satsar vi på singel og eventuelt litt plantar i potter.

Dette prosjektet hadde vore utenkjeleg utan hjelp av gravemaskin, så takk for lånet Jonas!
Takk og til Reiel som frakta maskina til og frå, til Peder Ole som leverte grus og stilte deponi til disposisjon, og til Per og Jetmund som frakta vekk jord og ugras med traktor og hengar.

No er mykje av området snau-klipt, slik at nytt liv får lys og luft til våren.

Dugnads-gjengen sette stor pris på at Eli stilte med kaffimat og servering, og at Alv Aalens Eftf. spanderte pizza og brus.
Dette ga nye krefter til trøtte kroppar!

Som vanleg er ikkje fotografen med på bilda, men ingen må tru at Stig Rune låg på latsida!

Ganske snart er elektrikarane på plass og då har vi "lysare tider" ned bakken mot busstoppet.

Flittige jenter ordnar opp; Alice, Kari, Kitt og Oddrun © Stig Rune Maurstad
Flittige jenter ordnar opp; Alice, Kari, Kitt og Oddrun
Stig Rune Maurstad

Uten gravemaskin og traktor hadde ikkje dette vorte gjort © Stig Rune Maurstad
Uten gravemaskin og traktor hadde ikkje dette vorte gjort
Stig Rune Maurstad

Jon Ole og John tok seg av utelys-arbeidet © Stig Rune Maurstad
Jon Ole og John tok seg av utelys-arbeidet
Stig Rune Maurstad

Her er John i aksjon  © Stig Rune Maurstad
Her er John i aksjon
Stig Rune Maurstad

Jarle pusser dører © Stig Rune Maurstad
Jarle pusser dører
Stig Rune Maurstad

Inger Johanne i kamp mot ugras og mose © Stig Rune Maurstad
Inger Johanne i kamp mot ugras og mose
Stig Rune Maurstad

Kitt finn ugras heilt ut på kanten © Stig Rune Maurstad
Kitt finn ugras heilt ut på kanten
Stig Rune Maurstad

Jarle reparerer eit stort hol i gjerdet © Stig Rune Maurstad
Jarle reparerer eit stort hol i gjerdet
Stig Rune Maurstad



Helsing styret:
John Tenden, Jon Ole Eikås, Jarle Kroken, Stig Rune Maurstad, Inger Johanne Heikkinen og vara Jetmund Nyvang, Atle Myklebus og Jan Åge Book (som ikkje var heime den helga)

Gå til nyhendearkiv

Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun
Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass