Fredag 22.september 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Sanitetsforening - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Helsing til Davik Sanitetsforening den 26.august 2017

Av leiar Marit Nore Sørhaug

Kjære Sanitetskvinner i Davik Sanitetsforrening og
alle gode NKS-medlemar, det er ein fin bukett her i dag !

Gratulerer som 100-årig organisasjon til dokke i Davik Sanitetsforrening !
Og tusen takk for innbydinga til denne 100-års feiringa.
Tenk i 100 år har kvinnene i denne Sanitetsforreninga drive sitt arbeid.
Gjennom skiftande og til dels urolige tider. Ja, i denne tidsbolken har det faktisk skjedd to verdskrigar, og andre krevande situasjonar, som ulykker av stort omfang. 1917, kva seier det oss, jau, då pågjekk endå fyrste verdskrig, og vi veit at det var tronge tider, der var stort behov for humaniter hjelp. Vi veit og at spanskesyka var ein omfattande epidimi på den tid.
Og sanitetskvinnene har vore engasjert der dei kunne nå fram med hjelpetiltak. Sjølv med små ressursar vart det ytt mykje god hjelp.
Vi veit og at gjennom 100 år har det vore store omskifte og endringar i tida, men NKS og saniteten lokalt landet over, har hatt ei fantastisk evne til å spele på lag med tidsutviklinga,- og dermed oppfanga det som var høgst aktuelt for hjelpetiltak og andre trengande ting. Før kommunereguleringa på 1960-talet var vi på nordsida av fjorden også ein del av dåverande Davik kommune, og sanitetslaget var tilslutta hovedlaget på Davik.
Og ut over på 1920-30-talet var der drive sanitetsarbeid også i bygdene på nordsida av fjorden, Bryggja, Almenning og også Kjølsdalen, som var ein del av gamle Davik kommune. På Bryggja huskar vi, ja, eg var ganske lita då, men eg minnest ei svartkledd eldre dame med muffe, antageleg i staden for hanskar, for rundt om i bygda å samla inn sanitetskrona. Tenk ei krone, det var tider det.

På Bryggja vart noko av sanitetsarbeidet kanalisert gjennom eit sjukerøktlag, som etter kvart fekk samtykkje frå hovedlaget om å samle inn pengar til ein aldersheim, som stod ferdig på Bryggja i 1957. Og på den innvielsefesten var der fleire kvinner frå hovedforreninga på Davik. Dette var jo ein aldersheim for Davik kommune, og klientell frå heile kommuna budde der. Private midlar frå pengesanneringa etter krigen, støtte frå gamle Davik kommune og sanitetslaga i dåverande Davik kommune, var med i dette spleiselaget, alt etter det dei kunne makte. Dette for å få byggd Aldersheimen på Bryggja. Og den vart byggd i regi av dåverande Davik kommune.

Det at vi hadde ein heilt annaan kommunestruktur er faktisk verd å minnast, spesielt no i desse samanslåingtider, der vi kan merke oss og litt underlege prosessar.
Og mange huskar nok søster Ragna, ho var frå Kjølsdalen, og var den tids helsesøster. Med smil og velvilje kom ho til og med heim til folk og tok pirkerprøvar. Og sjølvsagt var ho ei hjelpande hand heime hos folk på den tid.

Når vi no studerte på ei lita 100-års gåve til Davik Sanitetsforrening, så enda vi opp med ei rosemala klokke. Rosemåling var nok vanleg også for 100 år sidan, og tidsuret markerar desse 100 åra. Håpar de har ein passande vegg ein stad, der denne kan få henge som eit 100-års minne for Davik Sanitetsforrening. - og eg vil føye til; med stor og hjerteleg helsing frå Bryggja Sanitetsforrening.

Lukke til vidare, Davik Sanitetsforrening.
Takk.

Gå til nyhendearkiv

Bygdamøte, val av rep.til fellesnemnd i Stad kommune
Helsing til Davik Sanitetsforening den 26.august 2017
Bryggja Sanitetsforening
Plakat over onsdagsturane
Bryggja Sanitetsforening
meir info om innbyggjarhøyringa i Bryggja
Trekningsliste frå Bygdelotteriet 17.mai 2017
Referat frå fylkesmannen, 04.07.2017, grensejustering Bryggja
Bilder frå 17-mai toget på Bryggja, og om morgonen

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
1. okt
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
7. okt
Vestavind arrangerer "Oktoberfest" i Bryggja Grendahus
Vestavind