Tysdag 21.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Sanitetsforening - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Frå årsmøte i Bryggja Sanitetsforening

22. februar 2007

Av Astrid Midtbø

Bryggja Sanitetsforening hadde årsmøte i Bryggja Grendahus 21. februar med 14 medlemmer tilstades. Foreninga hadde ved årsskiftet 19 aktive medlemmer i foreninga, 77 hovudmedlemmer og 7 støttemedlemmer. Det var ein kraftig nedgang frå året før, og det trur vi skuldast at kontingenten steig ein god del, og at innkrevjinga blei frå sentralt hald.
I året som gjekk deltok vi på møte i Haus Grendahus om omsorgsberedskap, vi hadde to utsendingar til fylkesårsmøtet i Askvoll, og var med på opninga av hagen på Soltua i Florø.
I oktober var alle i foreninga invitert til fin markering av 80 årsjubiliumet til Kjølsdalen Sanitetsforening.
Vi arrangerte turar i skog og mark kvar onsdag ettermiddag frå mai til september.
I mai selde vi rømmegraut og lodd på ”Vårsleppen” i Bryggja sentrum.
Vi har gått med handlevogn på Omsorgsenteret annan kvar torsdag. I slutten av november gjekk santitetsdamene med bøsser på Bryggja og i Almenningen for TV aksjonen ”Leger uten grenser”.
Basaren i november var den viktigaste inntektskjelda vår, og nettoresultatet blei kr 31000,-. Andre inntektskjelder er sal av fastelavsris.
I 2006 støtta vi merkesakene: Kreftsaka, revmatisme, barnesjukdomar, osteoporise, kvinnemedisinsk forsking og psykisk helsevern i Sogn og Fjordane med kr 2000,- kvar, og aksjonskomiteen for Nordfjord Sjukehus med kr 1000,-. Vi gav også kr 10000,- til nye konfirmantkapper i Totland kyrkje.
Alle nyfødde på Bryggja og i Almenning fekk badehandkle med saniteten sin logo på.
I sommar sende vi prøvetakingsstolen, som vi tidlegare hadde kjøpt til Bryggja legekontor, til Nordfjord Sjukehus. Dei hadde god bruk for den , og var svært takksame.

Styret i 2007 er:
Leiar: Lillian Kriken
Nesteleiar: Marit Nore Sørhaug
Kasserar: Randi Husevåg
Skrivar: Astrid Midtbø
Styremedlem 1: Alvhild Tunold
Styremedlem 2: Liv Midtbø
Varamedlemmer: Laura Hole og Randi Kvamme.

Dei som vil låne krykkjer av santitetsforeninga kan henvende seg til Magnhild Kjøllesdal.
Barnebilstolane kan lånast ved å henvende seg til Gunnvor Svoren på Omsorgssenteret.

Bryggja Sanitetsforening vil takke alle som har vore med å støtta oss i arbeidet vårt i året som gjekk.

-- Bryggja Sanitetsforening--

Gå til nyhendearkiv

Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass