Tysdag 21.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja skule - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Katten med støvlane

Bergen Familieteater besøkte Bryggja skule i regi av Den Kulturelle skulesekken og viste stykket "Katten med støvlane" Det er basert på eit eventyr av brødrene Grimm. Arvid Nilsson og Robin Jacobsen gav store og små ei fantastisk stund i Grendahuset der dei trollbatt publikum med eminent skodespel der kommunikasjonen med publikum var magisk.


 © Eilif Stene

Foto:Eilif Stene

Det var ein gong ein møllar med tre søner, eit esel og ein katt. Då møllaren døde fekk den eldste sonen mølla, den nest eldste fekk eselet og den yngste fekk katten. "Skaff meg eit par støvlar så eg kan vise meg blant folk, det skal du ikkje komme til å angre på", sa katten. Den yngste sonen gjorde som han vart beden om og då byrja spanande til å skje. Vi følgjer katten på hans reise til slottet der han møter både kongen og prinsessa, og vi får òg sjå korleis han sigrar over den vonde trollmannen som spreiar redsle blant folket. (Sogn og Fjordane Fylkeskommune, Den kulturelle skulesekken)


 © Eilif Stene

Foto:Eilif Stene

Gå til nyhendearkiv

Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass