Måndag 15.oktober 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Hei og Hå 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

YU-CHUN FRÅ 4H TAIWAN

Av Hei og Hå 4H

I 14 dagar har Yu –Chun Lin (19) budd hos vertsfamilie på Nave og besøkt 4H- klubbar i
distriktet, skular, barnehage og elles blitt kjent med norsk daglegliv. Ho er deltakar i eit internasjonalt utvekslingsprogram IFYE , International 4H Youth Exchange.

Yu-Chun har også vore på medlemsmøte i Hei og Hå 4H og fortalt om landet sitt og 4H -arbeidet der. Til dagleg studerer ho biologi på eit universitet i Taipei som er hovudstaden i Taiwan og har like mange innbyggarar som heile Noreg.




Vi fekk sjå DVD frå Taiwan om natur og kultur som er ganske forskjellig frå vår.
Det høgste fjellet er nesten 4000 meter høgt og landet har 23 millionar innbyggarar.




4H arbeid i Taiwan er likt det norske. Dei har leir, 4H prosjekt og haustfest.




Gunn – sjefskokken vår - er klar til å servere wok med kylling og scampi med eggnudlar og ris til.




Det var kjempegodt og mange prøvde å ete med pinnar slik dei gjer i Taiwan.




Yu-Chun er flink pianist. Ho har spelt piano sidan ho var seks år og spelar og fiolin i eit skuleorkester.

4H er ein verdsomfattande organisasjon og Hei og Hå 4H er ein del av denne spennande verda.
4H og 4H -relaterte organisasjonar fins i 80 land.
Organisasjonen starta i USA for over 100 år sidan og har i dag ca. 7 millionar medlemer, ca. 600.000 frivillige vaksne leiarar og 3.600 tilsette.

Hei og Hå 4H har i sommar i tillegg til å ha IFYE- besøk frå Taiwan hatt Tone Ødegård som deltakar på Nordisk Leir i Finland og Ingvild Nave som deltakar på studietur til 4H i Ghana.

Gå til nyhendearkiv

Trekningslista frå sanitetsbasaren 30.sept
Bryggja Sanitetsforening
Status pr. 6.september, Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Invitasjon til å teikne aksjar i Nordfjordbrua AS.
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
7. sep - 29. nov
Her ligg haustplanen for Fjordly Ungdomssenter
21. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H, dørene opner kl 15.00
Hei og Hå 4H
25. okt
Ope folkemøte stadsutvikling Bryggja i Stad kommune
27. okt
Salsmesse i Bryggja Grendahus
Bryggja Bygdatun
17. nov
Julebord
Bryggja Bygdatun
28. des
Romjulsdans med revy 28 desember
Bryggja Bygdatun