Tysdag 21.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Pensjonistlag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Tur til Savalen sommaren 2007

Av Jofrid Solibakke

Fellestur Bryggja og Eid pensjonistlag

Eid og Bryggja pensjonistlag har vore på tur. Vi reiste frå Bryggja kl 08.15 heile 11 pensjonistar. Det var mest frå Eid, i alt 36 til saman. Sjåføren var Egil Holme og vi reiste frå Eid kl 9. Hadde små stopp for å strekke beina både i Stryn og på Grotli, før vi hadde lunsj på Skjåk Kro i ein time.
Vidare køyrde vi til Vågåmo / Lesja og på Dombås hadde vi neste stopp. Vidare Hjerkinn og ned Folldal/Alvdal til Savalen.
Betjeninga bar inn bagasjen. Vi fekk kaffi og kake med det same, middag i 7-tida og dans frå 9 kvar kveld.
Onsdag var vi på tur til Alvdal i sol og fint veir. På Aukrustsenteret var mykje rart og guiden fortalde. Det var eit veldig langt hus, heile 125 meter. Tronfjellet er eit høgt fjell i Alvdal, heile 1600 meter og der var bilveg heilt opp. To store master, den eine med ein kuppel på (omformar og flyovervaking). Men når vi kom halvveis opp kom snøkaven, så det vart ikkje mykje vi fekk sjå. Så vi køyrde attende til Savallen til lunsj.
Etter lunsj hadde vi bingo med minne frå Savallen for dei som vann. Til middag den dagen var det Østerdalsbord med mat frå nærmiljøet. 30 rettar, ein vart mett berre å sjå alt.

½ 9 neste dag var det tur til Røros. Ei dame frå Alvdal var guide. Ho prata heile veien, så ho hadde mykje å fortelje. På Røros var vi fyrst på omvising i kyrkja fra 1647. Neste år skal den restaurerast så då vert den stengd. Så var vi i smeltehytta og såg alt folk som var i arbeid og all skog som måtte til for å få litt kopar. Heilt utruleg. Vi tok ein runde og såg både den nye og den gamle bebyggelsen. Vi køyrde attende til lunsj kl 14. Vi hadde med så mange vi hadde plass til åt Røros. Dei andre var att.
Kl 3:15 var det hesteskokasting. Eit pensjonistlag frå Gjerdrum vann alle premiane. Kl 16 var vi i Nissehuset, der var mykje å kjøpe og vi kunne sende julekort frå Fjompenissen. Etterpå var det kaffi, kake, trylling og premieutdeling.
Siste kvelden fekk vi bløtkake og kaffi kl ½ 11 i dansesalen.

Heimreisa starta kl ½ 9. Vi køyrde nedover Østerdalen (mykje skog) til Atna, over Ringebufjellet og til Otta. Der hadde vi ein liten stopp. Vidare til Lom og over Sognefjellet. Strålande sol heile veien.Vi var på Vassbakken Kro vel ½ 3. Der hadde vi siste måltidet på turen. Resten heim gjekk fint, nådde akkurat ferja på Anda. Så vart det ha det og takk for turen heilt til Bryggja. Dei fyrste gjekk av på Lote, mesteparten på Eid, så Hauane, Stårheim og Kjølsdalen og vi sist.
Ein strålande tur. Det kunne snøe når vi sat inne om kvelden, men neste dag var det sol att. Heilt topp.

Gå til nyhendearkiv

Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass