Måndag 20.august 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Maurstad Ungdomslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Ungdomslaget har fått 110.000 NOK!!

Pengane er øyremerkt sceneteppe og oppgradering av scena i Bygdatun.

Av Håkon Ingebrigtsen

Ein nydeleg vinterdag i 2007 låg ein konvolutt i postkassa til Maurstad Ungdomslag. Eit brev det lukta pengar og motivasjon av, Sparebankstiftelsen DNB NOR hadde innvilga søknaden vår på 110.000 kr!

Bilde frå Fjordenes Tidende © Erling Waage

Heilt sida Nye Bygdatun vart bygd har det vore eit sakn at vi ikkje har hatt eit skikkeleg sceneteppe. No har vi midlane på plass og skal innvestere i sceneteppe, nye scenemodular og ein lysbom tiddelibom.

Det er med lyst og spenning fingrane sprett utover tastaturet, tusen takk til Sparebankstiftelsen DNB NOR som er så sjenerøse! Vi i ungdomslaget gleda oss stort, vi håpa at gåva kan glede mange i bygda i mange mange år framover.

Det heile skal bli markert med ein revy eller eit skodespel 20 Juni i Bygdatun. Dette blir ein ekstra stasleg fest for bygda. Kunne du tenkt deg å være med på moroa så ta kontakt med Bjørg Ingebrigtsen på Mobil: 41 30 71 88 eller e-post: bjorg.palma@combitel.no.

Lenge leve dugnadsånda! :)

Gå til nyhendearkiv

Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot
Her ligg plakaten over onsdags-/ Kløverturane i Bryggja sanitetsforening
Bryggja Sanitetsforening
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Status pr. 9.august, Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
13. okt
Vestavind arrangerer "Oktoberfest" i Bryggja Grendahus
Vestavind
27. - 28. okt
Salsmesse i Bryggja Grendahus
Bryggja Bygdatun