Onsdag 22.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Rimstaddalen og Totland utmarkslag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Ny dugnad på gamle Postvegen

Av Gerd Endestad

Dugnad på Gamle Postvegen


Som ein ser av bilda, var det eit reint damekompani begge kveldane. Frammøtte var: Orlaug og Tone Ødegård, Gunnvor Rimstad og Gerd Endestad. Vi arbeidde ca. 4 t. kvar kveld, nåja, inklusive pause.
Kjempefin stemning og god arbeidsånd sjølv om vi vart ganske gjørmete av å stå å hakke i alle skit-myrane som råsa har vorte så velsigna av. Men under det tjukke laget av våt mose og jord fann vi mange fine steinheller. Så at råsa har vore turr og fin, og brei ein gong i tida er heilt sikkert! Skulle vore moro og sett tilbake då alle desse steinane vart lagt ned, kven gjorde det tru?

Vi hadde eit nydeleg sommarvêr begge kveldane, og den beste ramma rundt arbeidet; fuglekvitter, grøn skog og kvite fjelltoppar på andre sida av fjorden(Troda). På Sætravatnet låg et svanepar, og frå oppunder Ørnereiret høyrde vi nokre sauebjøller. Kaffi og medbrakt niste vart delt. Ja, av slikt kan ein rusle heim og kjenne seg vel til freds både i kropp og sinn.

No har vi grøfta ut og lagt i stein, slik at råsa er klar nord i Hjellbakkane. Neste dugnadsdag startar vi derifrå og vidare nordover, Vil tru at om vi tek ein laurdag og få samla litt meir folk skulle mesteparten vere gjort. Og i fellesskap går arbeidet utruleg lett, det kan vi fire damene fortelje. Men altså, så saknar vi mannfolka...dei kjem vel sterkare att?







Postvegen
Postvegen
Gerd, Gunnvor, Tone og Orlaug tar ein pust i bakken



Gå til nyhendearkiv

Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass