Torsdag 18.oktober 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Sanitetsforening - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årsmøte i Bryggja Sanitetsforening

Referat

Av Astrid Midtbø-skrivar

Bryggja Sanitetsforening hadde årsmøte i Bryggja Grendahus 27. februar med 25 medlemmer tilstades.

Ved årsskiftet hadde foreininga 68 hovudmedlemmer og 3 støttemedlemmer. Av medlemmane er det 19 som er aktive i foreininga.
I året som gjekk deltok vi med 2 utsendingar til fylkesårsmøte i Florø, leiaren vår var på eit arbeidande landsmøte i N.K.S. i Oslo, vi deltok på 2 møter, eit i Kjølsdalen og eit i Florø, der temaet var psykiske lidingar blant barn og unge. Vi var også på besøk på Barne og Ungdomspsykiatriske poliklinikk på Nordfjordeid. Vi arrangerte turar i skog og mark kvar onsdag ettermiddag frå 9.mai til 5.september.
15.mai var leiar og nestleiar på Bryggja skule og serverte pølser, brød, frukt og brus til elevane som takk for at dei rydda fint i bygda til 17.mai.
Basaren i november var den viktigaste inntektskjelda vår, og vi hadde eit fint netto resultat på kr 39.000,-. Andre inntektskjelder er sal av fastelavnsris.

I 2007 støtta vi merkesakene:
Kreftsaka, revmatisme, barnesjukdomar, osteoporose og kvinnemedisinsk forsking med kr 2.000,- kvar.
Aksjonskomiteen på Nordfjord sjukehus med kr 1000,-. Barne- og ungdomspsykiatrisenteret på Nordfjordeid fekk kr 5.000,- og Fjordly Barnehage og Bryggja Skule fekk kr 1.000,- kvar. Sjuke og alle i bygda over 80 år fekk bolmsterhelsing til jul. Dagsenteret Bryggja Omsorgssenter fekk dobbelt vaffeljern og Bryggja Grendahus fekk mixmaster og støtte til lydanlegg. Alle nyfødde på Bryggja og i Almenning fekk badehandkle med saniteten sin logo på.

Styret i 2008 er:
Leiar: Lillian Kriken
Nestleiar: Marit Nore Sørhaug
Kasserar: Randi Husevåg
Skrivar: Astrid Midtbø
Styremedlem 1: Karin Lefdal
Styremedlem 2: Liv Midtbø
Varamedlemmer: Laura Hole og Randi Kvamme
Dei som vil låne krykkjer og barnebilstolar kan henvende seg til Gunnvor Svoren på Omsorgssenteret.

Bryggja Sanitetsforening vil takke alle som har vore med og støtta oss i arbeidet vårt i året som gjekk.

-Bryggja Sanitetsforening-

Gå til nyhendearkiv

Trekningslista frå sanitetsbasaren 30.sept
Bryggja Sanitetsforening
Status pr. 6.september, Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Invitasjon til å teikne aksjar i Nordfjordbrua AS.
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
7. sep - 29. nov
Her ligg haustplanen for Fjordly Ungdomssenter
20. okt
DUGNAD PÅ GAPAHUKEN, start kl 10.00
Hei og Hå 4H
21. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H, dørene opner kl 15.00
Hei og Hå 4H
25. okt
Ope folkemøte stadsutvikling Bryggja i Stad kommune
27. okt
Salsmesse i Bryggja Grendahus
Bryggja Bygdatun
17. nov
Julebord
Bryggja Bygdatun
28. des
Romjulsdans med revy 28 desember
Bryggja Bygdatun