Laurdag 25.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Skulekorps - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årsmøte i skulekorpset

årsmelding 2007

Skulekorpset har halde årsmøte og Solveig Midtbø fortset som leiar. Sjå under linken til skulekorpset under Lag og organisasjoner der vi har endra styret , her er årsmeldinga

ÅRSMELDING FOR 2007

Verv i Bryggja Skulekorps 2007:

STYRET:
LEIAR:
Solveig Midtbø

KASSERAR:
Britt Anne M. Solibakke

STYREMEDLEM: Karin Vambeseth
STYREMEDLEM: Einar Hessevik
STYREMEDLEM: Iselin E. Jepsen
1. VARA: Agnar Fagerlid
2. VARA: Oddfrid Vereide


STØTTELAGET:
Lagt til styret

VALNEMND: Jan Svein Hammer og Rita Husevåg

REVISORAR: Randi Husevåg og Jan Faksnes

MATERIALFORVALTARAR: Lagt til styret v/Iselin E. Jepsen


UIFORMSFORVALTAR: Anne Johanne Hammer

REPRESENTANTSKAPET
TIL GRENDAHUSET: Lagt til styret.

Sidan siste årsmøte har vi hatt 6 styremøter.

I perioden har korpset arrangert eller delteke på følgjande arrangement/aktivitetar: Basar i grendahuset, ”musikktur” til Ålesund, to øvingshelgar – ei av helgane med overnatting, julekonsert i Totlad Kyrkje (arrangør), julefest 3. juledag i grendahuset (arrangør), nissefest på Rimstad, og to ungdomskveldar i regi av musikkantane.

Fire av musikkantane deltok sommaren 2007 på musikkleir på Nordfjordeid i regi av musikkforbundet. Bingoane i 2007 har vore arrangert i samarbeid med Ytre Nordfjord Brass.

Frå hausten 2007 har korpset hatt ein gledeleg auke i talet på aspirantar då 14 nye melde si interesse.
Korpset har no i tillegg 12 spelande medlemmar.

Steinar Endal fungerte som dirigent og Sondre Nave og Tore Leivdal var instuktørar fram til sommaren. Ved sesongstart overtok Sondre som dirigent. Tore Leivdal og Monika Solheim har vore instruktøra siste halvår.

Lisbeth Våge i den kommunale musikkskulen har hatt ansvar for aspirantundervisinga.

Bryggja skulekorps har i 2007 fått tildelt kr. 23.000,- i frifondmidlar frå Norges Musikkforbund til prosjektet ”samskaping”. Prosjektet dreiar seg m.a. om å starte aspirantopplæring allereide i 1. klasse og arrangering av samspelkveldar for born og unge.


11.03.08

Einar Hessevik
skrivar

Gå til nyhendearkiv

Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun
Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass