Tysdag 21.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Pensjonistlag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Dagsturen 4. juni 2008

Av Jofrid Solibakke

I varmt veir med sol frå klår himmel starta vi dagsturen frå Vegstasjonen. Mange kom på der, resten med Grendahuset. Karstein sende helsing om god tur og Margun sende helsing attende frå oss alle! Vi hadde ein fin tur innover, med vår kjende sjåfør Egil Holme. Hadde eit lite stopp i ”Honndalen” så vi fekk litt brus og vatn å drikke.
Klokka 11.15 kom vi til Galleriet på Hellesylt. Der fekk vi historia om Per Gynt i store utskjeringar. Det er heilt utruleg kor fint det var ned til minste detalj, og guiden fortalde om alle bileta over fleire veggar. Guiden var veldig flink så det var kjekt å høyre på.
Så køyrde vi tilbake til Tronstad og gjennom Norangsdalen. Der er så høge fjell at ein måtte legge hovudet god bakover om ein skulle få sjå himmelen, men vi såg murane i vatnet som hadde vore setrar før eit ras hadde demma opp vatnet i 1908.
Så kom vi til Øye og det vide berømte hotellet. Der har romma namn etter kongar og dronningar som har overnatta der. Det var oppattpussa i gamal stil, slik det hadde vore før. Men det verka litt mørkt og tungt når det var sol ute. Der fekk vi kaffi og kake med krem.

Kaffistopp på Hotell Union © Arnvid Nore
Kaffistopp på Hotell Union
Arnvid Nore

Gruppebilde © Arnvid Nore


Utanfor hotellet tok vi bilete av heile gjengen.


Det var ikkje så langt til ferjekaia, og medan vi venta fekk vi høve å betale Oddfrid for turen, 500 kr.

Vi ventar på ferja © Arnvid Nore
Vi ventar på ferja
Arnvid Nore


Vi ventar på ferja 2 © Arnvid Nore


Fergeturen tok berre 10-15 minutt over Hjørungfjorden til Hotell Sagafjord. Der var mange torvtekte hus og vi fekk sjå oss litt rundt før middag. Vi fekk svinesteik med tilbehør og is til dessert.
No kunne vi bruke tida som vi ville. Vi køyrde over Bondalseidet. Såg Standal skisenter med taubane heilt til topps. Per Brobakke underheldt med munnspel. Eit vatn var der, og derifrå er dei kjende Vassendgutane. Så kom vi til Ørsta og såg minnestøtta over Ivar Aasen i sentrum.Vi fekk sjå Aasen-tunet, og så bar det mot Eksundsambandet, merka ikkje at vi var under havet. Så var vi komne til Harøylandet, og kor skulle vi ta kaffipause? Margun visste om eit ungdomssenter som vi køyrde ned til, men der var ikkje ope midt i veka. Det var forslag å raste på ein plass opp for Larsnes, der var tre bord som vi kunne bruke. Fleire av medlemane hadde laga platekake så vi kosa oss ei heil stund. Det var stilt og fint på rasteplassen den dagen. Vi hadde fin utsikt ut i havet og til Kvamsøya der vi var på tur for to år sidan i same fine veiret.
Vi trekte gevinstane frå boka som hadde gått att og fram i bussen på turen.
Stolpute - Oddrun Husevåg
Kjølebag - Jorunn Eikås
Klype - Rigmor og Harald
Fat med deksel - Laura Hole
Stolpute - Aud Hessevik
Pledd - Per Audun Maurstad
Kjølebag - Marry Rekstad
Ryggsekk - Helga Nore

Så fekk sjåføren ein klepp som Ola Kassen hadde laga og Margun hadde skreve på: ”Med ein god klepp er du sikra at fisken ikkje slepp”. Han takka for gåva og så starta vi mot Larsnes og Årvik. Vi venta 20 minutt på ferga og Margun nytta høvet til å dele ut program for neste tur med Eid pensjonistlag i august. Resten av turen gjekk på kjende trakter heimatt.


 © Arnvid Nore

Ein koseleg tur var over.

Gå til nyhendearkiv

Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass