Tysdag 21.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Pensjonistlag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Valdresturen

19. – 22. august 2008

Av Jofrid Solibakke

Det var 24 spente pensjonistar som skulle på tur ilag med medlemer frå Eid pensjonistlag og med Margun som reiseleder. Start frå Vegstasjonen med Egil Holme som sjåfør denne gongen og. Det var sol og fint veir og Egil Brobakke hadde ”spelet” med seg så vi hadde ein fin tur med musikk innover til Eid. Der kom dei andre på, så vi vart 48 med sjåføren. Turen gjekk fint innover, alle som ville ha fekk vatn eller brus. Margun delte ut songhefte og fortalde om ymse stader vi for forbi.
I Stryn hadde vi 20 minutt stopp så vi fekk strekke beina. Vidare opp fagre Stryn og til Grotli. Det var så fint med flagget til topps og geitramsen stod i full blomst. Ei eske med snop gjekk att og fram i bussen. Vi skulle tippe kva vi fekk til lunsj. Den som hadde rett skulle få twist i premie, ei frå Eid vann.
På Nordal Turistheim fekk vi steikt ørret, salat, karamellpudding og kaffi. Det smakte nydeleg. Kl ½ 3 reiste vi opp på fjellet, same veien som til Brimiseter, men vi tok til venstre og der var vide vidder. Hadde eit stopp oppe på fjellet. Nokre av damene hadde med platekake og kaffi.


Blide damer på tur © Arnvid Nore


Då vi kom ned i dalen såg vi skilt med Skrautvold på. Då kom vi i hug ho skigjenta Inger Helene Nybråten.
Kl 18.15 var vi framme med Valdres Høyfjellshotell. Der måtte vi ned ei trapp og bort ein lang gong før vi fann rommet, men det var både stort og fint med utsikt over sjøen (sjølv om det var eit vatn). Kl 19 var det middag; vi fann ut det var elgsteik, det var eit stort dyr. Blomkålsuppa var ekstra god.
Det var dans kvar kveld, ein spela trekkspel på hotellet. Når han tok pause, spelte Egil. Dei spela i lag stundom, så vi hadde fin musikk.
Neste dag var det tåke og regn så vi måtte ta sætreturen neste dag. Vi tok ein busstur, starta kl 10. Margun overrekte ein bamse til sjåføren som han skulle ha i bussen. Rigmor las ord for dagen. Då vi kom opp på fjellet var skodda borte, vi såg mange sætre og vide vidder. Var innom Beitostølen og fekk sjå hyttebyen og handle litt. Var tilbake til lunsj kl 2. Etterpå kunne dei som ville vere med til Fagernes. Det var godt å bruke føtene og gå. I sentrum var ein fin grå hest. Ein frå Eid fortalde han hadde vore der i vårdagane i 1940 i militære. Dei sprang for livet.
Heimatt til hotellet til middag; Reker og karbonade, karamellpudding, molte og jordbær med krem til dessert.
Torsdag vart det tur på setra kl ½ 11. Margun sende helsing til Karstein frå alle på Valdresturen. Rigmor las dikt som ord for dagen. Vi køyrde over Synnfjellet til ei sæter, snudde tilbake, og der oppe på fjellet tok vi gruppebilde. Herifrå kunne vi sjå Gaustatoppen og mange hestar på beite.


Gruppebilde © Arnvid Nore


Etterpå hadde vi bøy og tøy, gjekk marsjen i ring før vi gjekk innatt i bussen og køyrde mot sætra som låg mellom tukthuset og slaveriet. Sætra ligg i Vestre Gausdal, hotellet hadde kjøpt den. Det var litt av eit sæterhus, gong og kjøken på midten og to store rom i kvar ende. Vi sessa oss i stovene til høgre, fekk fyrst ei skål rømegraut. Etterpå ut i stove til venstre der vi kunne forsyne oss av spekemat og pølse, potetsalat og eit stort trau eggerøre og flatbrød.
Etter måltidet las Rigmor dikt, Margun las og takka vertskapet. Dei kom inn og vi song ”Hvite roser frå Aten” til dei som takk for oss.
Vi gjekk og trakka ei stund ute, der var fine veier å spasere på. Det hadde vel ikkje alltid vore så kjekt for dei som hadde vore på tukthus og slaveriet i eldre tider.
På heimturen song vi ”Drømmen om Egil”. Vi hadde både sjåfør og spelemann som heiter Egil.
Var heime ½5 med pause til 7. Under middagen fekk sjåføren eit glas og ein kopp til minne om turen. Egil Brobakke fekk album til å samle minne i, sa Margun. Så tok Arnvid ordet og takka Margun. Ho fekk eit bilete av ein moskus som takk for at ho hadde organisert turen. Oddfrid skreiv lodd og Rigmor tok opp bestilling på boka si før middag. Dei ni gevinstane låg framme så alle fekk sjå, og alle var flinke å ta lodd.
Fredag måtte kuffertane vere ute med bussen ½ 8, så etter frukost var vi klar for heimreisa. Det var overskya, men opplett. Vertinna på hotellet kom ut i bussen og takka for laget og ynskte oss velkomne attende.
Margun takka for oss og las Vindsus som ord for dagen. Så var det å ta fatt på heimturen over fjellet og mange svingar ned Vestre Gausdal. Så vart det Peer Gyntveien i Austre Gausdal – såg skilt til Aulestad og Skeikampen der vi har vore før. Der var gule kornåkrar og store buskapar på beite. Vi køyrde forbi Gålå og vatnet der dei spelar Peer Gynt kvar sumar.
Det var bompengar for å kome over fjellet, og når vi kom på høgda kom regnet, så det vart ingen kaffipause på fjellet. Den tok vi att litt nord for Vinstra der vi hadde brus og kake. Dei fekk ikkje kjøpe kaffi på hotellet.
På Vågå hadde vi siste måltidet saman; kjøttkake med tilbehør og sjokoladepudding. Der hadde vi eit rom for oss sjølve, så vi trekte gevinstane.

1. Toilettartiklar: Jenny Isene
2. Perlekjede: Petra Torheim
3. Album: Tordis Åsebø
4. T-skjorte: Jofrid Solibakke
5. Toilettartiklar: Margun Ervik
6. Paraply: Gudrun Myklebust
7. Pledd: Rigmor og Harald
8. Regnkep: Bjørg Bjørhovde
9. Tursekk: Margun Ervik

Siste gevinst vart oppatt-trekt, men det vart Margun då og. Ho takka alle for turen, og at vi hadde fare pent åt og vore presise.
Margun Gjul har vore reiseleder før, ho takka sjåfør og reiseleder og alle dei andre. Ho hadde ikkje vore på tur med ”levande” musikk før, så det var ekstra koseleg når vi song. Vi song alle songane i heftet og sume fleire gonger.
Sjåføren takka for laget, han vert pensjonist frå nyår. Men kan kunne tenke seg ein tur i ny og ne. Han låser døra men kastar ikkje løkelen, sa han. Så var det siste fjellet att. Det vart korta på av at Arnvid fortalde vitsar og Egil song viser. Vi hadde namnekonkurranse på bamsen sjåføren fekk. Eg trur det vart ”Valdresbamsen”.
Det vart ein liten stopp i Stryn. Tok bestilling på is i bussen til dei som ville ha, og Oddfrid var ut og handla. 18.15 frå Stryn, 19.10 på Eid. Heime var det sol og fint veir. Ved Grendahuset ca 19.45. Ein koseleg tur var over!


Gå til nyhendearkiv

Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass