Laurdag 25.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Ytre Nordfjord Brass - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Ytre Nordfjord Brass, turen til Riga

26-30. juni 2008

Flott tur.





YNB har kjempa lenge for å få arrangert ein tur for musikantane. Endelig etter mykje planlegging klarte vi å få til turen til RIGA. Det var som sagt et godt tips i fra Bennet Reisebyrå i Måløy som gjorde at vi valgte denne turen

Karin på taxfree i Ålesund
Karin på taxfree i Ålesund
Vi reiste til Ålesund/Vigra den 26 juni om ettermiddagen,flyet gikk kl 1930, og tar kun 2 timer. Vi hadde bestilt buss til og fra hotellet på førehand, så når vi kom ut etter å ha fått bagasjen vår, stod der ei dame med et skilt med navnet vårt på - det var bussjåføren. Ho tok oss trygt fram til Hotellet "Konventa Zeta" som ligg i gamlebyen.Nokren av medlemmane valgte å ta kveld etter reisa, mens andre ville ut å sjå litt på livet. Om kvelden blei seine, så er alle like raske og friske dagen etterpå, for denne dagen (fredag) hadde vi bestilt guida tur for å få med oss litt av Riga si spennande historie.
Reiseleiaren med ivrige lyttarar
Reiseleiaren med ivrige lyttarar
Vi fekk ein svensktalande mann som kunne si historie om byen.
Kjetil, Catrine og Finn-Isak treng en pust i bakken under omvisninga
Kjetil, Catrine og Finn-Isak treng en pust i bakken under omvisninga



Han hadde veldig mykje på hjertet og det var mykje å fordøye på dei 3 timane han viste oss rundt, siste halvtime var i buss. Etter det var det fritt fram for medlemmane og gjere det dei ville.

En del av musikantane klare til middag på fredag


Oversikt over Riga







Nokon fortsette å sjå seg rundt,  andre nytte livet, veiret var jo bare heilt fantastisk. YNB har 2 medlemmar under 18 år, vil bare rose desse og dei andre ungdomane vi har for et flott samhold ilag med dei "vaksne" i korpset.Lørdagen hadde vi speleoppdrag.
Jonny klar til speling
Jonny klar til speling
Vi stilte i svart bukse og sponsor t-skjorte fra Sparebanken Vest.  Som dokke ser fra bilde så var det utekonsert, og ho som hadde ansvar for spelinga vår møtte opp og instruerte oss kor vi skulle stå.



Grovmessing-gruppa gir alt dei har
Grovmessing-gruppa gir alt dei har
William, Jan-Leo og Kjetil
William, Jan-Leo og Kjetil



Til og med bussjåføren som køyrde oss til hotellet møtte for å høyre på. Det var en utrulig klang  der vi spelte. Vi drog mykje publikum og vart til og med inviterte til Italia av ei som styrer med muskk der nede. I følge referatet som vi fekk av vår skrivar i korpset, meinte han at der var fleire hundre som høyre på oss, men eg tar litt mindre i og skriver ca 100 stk. Det vart òg litt vemod i denne konserten.... vår dirigent Jan Tore Hessevik har valgt å ta ei pause fra dirigentjobben, så det vart på ein måte ein avskjedskonsert for han.
Jan-Tore sin siste konsert med korpset for denne gang.
Jan-Tore sin siste konsert med korpset for denne gang.
Litt seinare på kveld hadde vi bestilt felles middag på ein resturant som heiter "Rosengrals".
Navnskiltet på restauranten som vi hadde felles middag på.
Navnskiltet på restauranten som vi hadde felles middag på.
Når du kjem inn i det lokalet så virker det som du kjem tilbake til klostertida.
Flott oppvartning til mannfolka i korpset
Flott oppvartning til mannfolka i korpset
Det var ikkje noko elektrisitet i resturanten, kun kubbelys, den var òg kjent for dette.
Her nyt vi maten
Her nyt vi maten
Maten vi fekk bar òg preg av denne tida.. og som kanskje ikkje helt falt i smak hos dei helt unge.
Monica smiler tappert, god middag??
Monica smiler tappert, god middag??
Vi hadde bestilt ein tre retters middag... til forrett fekk vi byggryn-suppe, til middag vart det servert kotelett med byggrynstuing og grønnsaker, og til dessert fekk vi ei kake/terte.






Etter middagen gikk vi tilbake til den faste uteplassen vi hadde funnet, og som var blitt som eit samlingspunkt for medlemmane. 
Bassgruppa hadde vore på dansekurs om natta og tar oppvisning for musikantane
Bassgruppa hadde vore på dansekurs om natta og tar oppvisning for musikantane
Det lir på kveld og Anne fryser, Alfred hjelper til med litt varme
Det lir på kveld og Anne fryser, Alfred hjelper til med litt varme
Her gikk praten ut i dei seine timane.Søndag - heimreise. Vi måtte være ute av hotellromma kl 12, men vi fekk beholde eit rom til alle instrument og bagasje slik at vi kunne nyte den siste dagen i Riga og det fantastiske veiret.Mange benytta den siste dagen til innkjøp av suvenirer og kle. Butikkane hadde ikkje søndagsstengt der borte. Vi måtte jo få brukt opp våre siste LAT. (valutaen i Latvia, desse har ingen verdi i Norge og er vanskelig å få veksla inn)Stemninga var ikkje like høg når vi måtte forlate den flotte byen og starte heimreisa, trur kanskje mange kunne tenke seg å vere der nokre fleire dager og nyte dei fantastiske bygga som var der borte. Det vart litt venting på flyet til Ålesund, men etter ei stund kom vi alle ombord og landa trygt på Vigra. Vi ønskte kvarndre ein god sommar og velkommen igjen til høsten og ein ny sesong..Denne turen gav meirsmak for mange av medlemmane, og det er ønske om planlegging av ny tur. Og kven veit, turen kan komme fortare enn ein trur.





Gå til nyhendearkiv

Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun
Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass