Laurdag 21.oktober 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Hei og Hå 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

HAUSTFEST I HEI OG HÅ 4H

Søndag 19. oktober inviterer Hei og Hå 4H på Bryggja til Haustfest i Bygdatun. 4H – medlemane øver no for harde livet på skodespelet og legg siste innsats i 4H-prosjektet som skal stillast ut.

Skodespelet heiter ”Ei tidsreise gjennom Vestlandet” og her møter vi vestlendingen gjennom ulike tidsepokar frå eldre steinalder 5000 år før Kristus , bronsealder, folkevandringstida i jernalderen, vikingtida, reformasjonen på 1500 talet og fram til nasjonsbygginga og nasjonalromantikken på 1800 talet. Alt blir knytt saman av ein arkeolog og ein arkeologistudent. Her blir det mange utfordrande kostyme- og sceneskift.
Kostyme-prøve







Eldre steinalder og klar til den store hjortehjakta. 5000 år før Kristus









I overgangen mellom jordbrukssteinalderen og bronsealderen kjem sauen inn i historia. 1800 år før Kr.



Bronsealderen ”Sola er guddommen,og sola speglar hennar heilage kraft”









I pausen fekk vi smake risbollar, havrekjeks og firkløver-kake som var KJEMPEGO.
På haustfesten får vi også sjå lysbilder frå dugnad og leir på Søholmen.
Musikk står også på programmet og alle skal få prøve seg på ein quiz.
Som vanleg blir det eit lite lynlotteri og vi serverer 4H- pizza, kake og kaffi.
Håpar mange tek turen til festen vår.
Alle velkomne!
Hei og Hå 4H






Gå til nyhendearkiv

Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening
Helsing til Davik Sanitetsforening den 26.august 2017
Bryggja Sanitetsforening
meir info om innbyggjarhøyringa i Bryggja
Trekningsliste frå Bygdelotteriet 17.mai 2017
Referat frå fylkesmannen, 04.07.2017, grensejustering Bryggja

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
22. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H
Hei og Hå 4H
28. - 29. okt
Salsmesse
Bryggja Bygdatun
12. nov
YNB held musikkafè i Grendahuset. Gjestekorps: Eid Musikklag
Ytre Nordfjord Brass
18. - 19. nov
Dansefest med SIXPACK
Bryggja Bygdatun