Tysdag 24.april 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Sanitetsforening - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årsmøte i Bryggja Sanitetsforening

Av Astrid Midtbø

Bryggja Sanitetsforening hadde årsmøte i Bryggja Grendahus 24. februar -09 med 19 medlemmer tilstades.
Ved årskiftet hadde foreninga 66 hovudmedlemmer og 3 støttemedlemmer. Av medlemmane er det 19 som er aktive i foreninga.
I 2008 deltok vi med 2 utsendingar til fylkesårsmøte i Høyanger. Leiaren vår var på eit organisasjonskurs i Florø, og vi deltok også på eit møte på Nordfjordeid om organisasjonens framtid.
På årsmøte i februar vart det bestemt av vi skulle gje noko til nyetablerte/ tilbakeflytta familier til bygda vår. Dei fekk TV-kanner med saniteten sin logo på, som vart utdelt på basaren i oktober.
I april sende foreninga eit brev til ordføraren i Vågsøy der vi gav uttrykk for at vi var i mot nedlegging av Bryggja skule.
Frå mai til september arrangerte vi turar i skog og mark kvar onsdag ettermiddag.
I juni serverte vi lunsj til elevane på Bryggja skule med påsmurte heimelaga rundstykker, kakao, saft, frukt og grønsaker.
Basaren i oktober var den viktigaste inntektskjelda vår, og det blei eit fint nettoresultat kr 40.000,-. Andre inntektskjelder er salg av fastelavensris.
I oktober gjekk også sanitetsdamene med bøsser for TV-aksjonen ”Blå kors” på Bryggja og i Almenning.
I 2008 støtta vi merkesakene:
Kreftsaka, revmatisme, osteoporose, kvinnemedisinsk forsking med kr 2000 kvar.
Aksjonskomitèen Nordfjord sjukehus fekk kr 1000. Bryggja skule kr 1000. Fjordly barnehage kr 5000 til nytt medisinskap og førstehjelpskrin med plaster og sårvaskeautomat. Totland Kyrkje kr 5000.
Sjuke og alle i bygda og i Almenning over 80 år, Bryggja omsorgssenter og dei i aldersboligane fekk blomsterhelsing til jul.
Vi lagar også kvart år til julefest for eldre på Dagsenteret på Bryggja omsorgsenter. Alle nyfødde på Bryggja og i Almenning fekk badehandkle med saniteten sin logo på.
Foreninga sitt ynskje i 2009 er fleire nye medlemmer i saniteten.
Styret i 2009:
Leiar: Lillian Kriken
Nestleiar: Marit Nore Sørhaug
Kasserar: Randi Husevåg
Skrivar: Astrid Midtbø
Styremedlem 1: Karin Lefdal
Styremedlem 2: Bjørg Vambeseth
Varamedlemmer: Laura Hole og Randi Kvamme
Dei som vil låne krykkjer og barnebilstolar kan henvende seg til Gunnvor Svoren på Omsorgsenteret.
Bryggja Sanitetsforening vil takke alle som har støtta oss i arbeidet vårt i året som gjekk.
- Bryggja Sanitetsforening-

Gå til nyhendearkiv

Teikningsblankett emisjon Bryggja Skule AS, og les fylgjeskrivet
Trekningsliste , frå Vestavind 's SYNG MED OSS 18.mars 2018
Vestavind
Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
5. feb - 1. jun
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
28. apr
DUGNAD INNE OG UTE PÅ GRENDAHUSET
Bryggja Bygdatun