Laurdag 25.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Skulekorps - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årsmelding 2008 for Bryggja Skulekorps

Av Berit Kongsvik (skrivar)


Verv i Bryggja Skulekorps 2008:

STYRET:
LEIAR: Solveig Midtbø
KASSERER: Anne Britt Sørhaug
STYREMEDLEMMER:
Karin Vambeseth, Iselin Endal Jepsen,Berit Kongsvik
1. VARA: Agnar Fagerlid
2. VARA: Oddfrid Vereide

VALNEMND: Åge Kassen, Rita Husevåg

REVISORAR: Randi Husevåg, Jan Faksnes

MATERIALFORVALTAR: Lagt til styret v/Iselin Edal Jepsen

UNIFORMSFORVALTAR: Anne Johanne Hammer

REPRESENTANTSKAPET TIL
GRENDAHUSET: Lagt til styret.

Sidan siste årsmøte har vi hatt 5 styremøter.

I perioden har korpset arrangert eller delteke på følgjande aktivitetar:
Aspirantane deltok på aspiranttreff på Skavøypoll skule i mars 2008. Basar i Grendahuset.
17. mai arrangement. Sommerkonsert/sjøkantkonsert ved Nore Fjordsenter som avslutning våren 2008.Etterpå var det grillfest for musikantane.
2 øvingshelgar, den eine saman med Ytre Nordfjord Brass og Flatraket Skulekorps, og der musikantane i Bryggja Skulekorps og Flatraket Skulekorps fekk overnatte i Grendahuset.
Korpset var med på Kunst- og handverksmessa i Grendahuset i nov. –08, og selde bl.a. juledekorasjonar, heimelaga drops, strikka sokkar m.m.
Dei yngste musikantane hadde Bowling-kveld i Måløy i desember.
Korpset deltok på julekonsert og spelte på nissefest i Rimstad, i tillegg til at korpset arrangerte juletrefest i romjula.
Der har vore 3 musikk-/diskotekkveldar for musikantane.
Korpset spela saman med Flatraket Skulekorps og Ytre Nordfjord Brass på YNB sin basar 1. mars i år.

Dei største musikantane var på tur til Kiel frå 05.03. til 08.03.09.
Denne turen har dei vore lova ei stund, som ei påskjønning for at dei ”heldt ut” til korpset kom seg på fote igjen.

Antal medlemmar i 2008: 10 i korpset og 13 aspirantar.

Sondre Mathias Nave dirigerte korpset fram til sommaren 2008. Kari og Dagfinn Solheim har dirigert korpset sidan hausten 2008. Tore Leivdal og Kjetil Solheim har vore instruktør på trommer. Av andre som har vore med og hjelpt til kan nemnast Cathrine Eide Vambeseth og Monica Solheim.

Lisbeth Våge i den kommunale musikkskulen har hatt ansvar for aspirantundervisninga.

10.03.09

Berit Kongsvik
sekretær


Gå til nyhendearkiv

Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun
Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass