Onsdag 19.september 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Pensjonistlag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Sommartur 11. juni 2009

Dagstur til Florø og Sandane

Av Jofrid Solibakke

Bussen starta frå ”Vegstasjonen” kl ½ 9 og stoppa med Grendahuset der resten kom på, i alt 38 + sjåfør. Det var overskya og skodde, og det vart fortalt at det hadde vore berre 6º om morgonen. Bussen fekk namn, vart kalla Solskinbussen, og Egil Holme var sjåfør denne gongen og.
Arnvid ynskte alle vel møtt og vi køyrde inn til ferjekaia på Stårheim med fin musikk av Egil Brobakke. Der orienterte Margun om programmet, og på ferja til Isane tok Ragnhild og Rigmor inn betaling for turen, kr 500. Det var gratisutdeling av vatn og brus til alle som ville ha. Songhefte fekk vi og, så vi song både titt og ofte.
I Ålfotdalen hadde vi eit lite stopp med kaffipause. Nokre hadde laga platekake og der var ”koldtbord” i baksetet med bollar og pålegg. Då vi nærma oss Florø song vi ”De nære ting” før vi kom til Kystmuseet.


Kystmuseet i Florø © Irene Stokker


Der var mykje å sjå av gamle ting. Vi fekk orientering om korleis Florø vart starta av dei store sildefiska. I den store samlinga av båtar fann vi båtar frå Nordfjord – kjekt at det stod skilt som synte kvar dei ulike båtane var ifrå.

Så køyrde vi attende til ein kafé for middag; steik og kjøtkaker med poteter, grønsaker og surkål. Til dessert fekk vi nydeleg sviskekompott. Det var reine bryllaupsmiddagen fann vi ut, slik det var brukt i eldre tider då vi var unge.
Sjåføren var lokalkjend i området på heimturen og fortalde kva gardane heitte, om vatn og sætra. Han synte oss garden han var ifrå på andre sida av vatnet.

På Nesholmen hadde vi eit lite stopp. Der var det leir med mange unge frå Eid. Vi kjøpte is eller litt anna godteri.


Nesholmen © Irene Stokker


Vidare gjekk turen om Hyen og Hestenesøyra til Sandane og Nordfjord Folkemuseum.


Nordfjord folkemuseum © Irene Stokker



 © Irene Stokker



 © Irene Stokker



 © Irene Stokker



 © Irene Stokker



 © Irene Stokker



Bakkejekta © Irene Stokker


Der såg vi mellom anna på ein gamal butikk frå Stårheim og andre gamle hus. Ei gamal skulestove frå Austrheim hadde skulepulta så lange at det var plass til både tre og fire born på kvar.


Gamal skulestove © Irene Stokker


Det vart og klart for oss at vi hadde jubilantar med på turen, så Margun var ut og plukka ein bukett markblomster til Johanna og Trygve som hadde bryllaupsdag.

På heimturen hadde vi kaffipause på nyeveien slik at vi såg nedatt på Sandane. Sjåføren fekk seg pute frå oss som var med på turen. Vi nådde ferja frå Anda kl 18.15 og var heime litt over kl 19. Ein flott tur!

Gå til nyhendearkiv

Status pr. 6.september, Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Invitasjon til å teikne aksjar i Nordfjordbrua AS.
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje
Referat frå Bryggja utviklingslag sine møter

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
7. sep - 29. nov
Her ligg haustplanen for Fjordly Ungdomssenter
20. sep
Dugnad på gapahuken
Hei og Hå 4H
22. sep
Eldredagen vert feira i Raudeberg kulturhus. Alle pensjonister i Vågsøy kommune er invitert
22. sep
Matfestival på Bryggja
Bryggja Bygdatun
30. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
13. okt
Vestavind arrangerer "Oktoberfest" i Bryggja Grendahus
Vestavind
21. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H, dørene opner kl 15.00
Hei og Hå 4H
27. okt
Salsmesse i Bryggja Grendahus
Bryggja Bygdatun
17. nov
Julebord
Bryggja Bygdatun
28. des
Romjulsdans med revy 28 desember
Bryggja Bygdatun