Fredag 22.juni 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja skule - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Pengeinnsamling til Haiti

Av Kathrine Høgelid Aarvik

I samband med jordskjelvkatastrofa på Haiti ville Bryggja skule finne ein
måte å samle inn pengar til dei jordskjelvråka barna. Det vart då bestemt
at elevane for ei veke skulle ha ein jobblekseplan, der elevane istadenfor
vanleg lekse, hadde jobb-lekse. Det gjekk ut på at leksa til elevane kvar
dag var å jobbe litt heime for ein liten sum pengar.
Elevane var svært motiverte og har verkeleg stått på. Dei har mellom anna:
rydda ulike rom heime, måka snø, sett inn/ut av oppvaskmaskina, barnepass,
henta ved, laga middag, osv. Når dei hadde utført jobben fekk dei
kvittering og pengar frå den som hadde bestilt arbeidskrafta. Totalt
klarte elevane ved Bryggja skule å samle inn 3068,50 kr! Pengane skal gå
til SOS barnebyer som jobbar for jordskjelvofra på Haiti. Bryggja skule
ynskjer å rette ein stor takk til alle velvillige foreldre og besteforeldre for dette flotte resultatet.

Gå til nyhendearkiv

År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Status pr.13.juni, Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Onsdagstur / Kløvertur på Bryggja, her ligg plakaten
Bryggja Sanitetsforening
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje
Referat frå Bryggja utviklingslag sine møter

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00