Søndag 23.september 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Hei og Hå 4H - Arrangement

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Aktivitetsdag og opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet

Tid: Søndag 19. august kl. 10:00
Stad: Ved Lefdalsvatnet , Utgangspunkt for turen: Naveosen (rett etter brua ved Navevatnet).
Arrangør: Hei og Hå 4H og Bryggja utviklingslag

Velkomen til ”Draumeplassen” - aktivitetsdag og opning av gapahuken ved Lefdalsvatnet!

Søndag 19. august inviterer 4H og Bryggja utviklingslag til opning av den nybygde gapahuken på ”Draumeplassen”,
og ønskjer små og store turgåarar i Eid, Selje og frå Bryggja velkomne til den flotte naturmøteplassen midt i nye Stad kommune!

Prosjekt Draumeplassen er eit 4H-prosjekt med støtte frå Sogn og Fjordane 4H og Gjensidigestiftelsen. Gapahuken er bygd på dugnad av Hei og Hå 4H og Bryggja utviklingslag og skal bidra til turglede, fellesskap og god helse!

I arbeidet med å bygge oss saman til nye Stad kommune, bygge samhald og fellesskap treng vi å bli betre kjende og ta eigarskap til kvarandre! Stad 2020 støttar tiltak som inviterer til fellesskap og byggjer felles kultur på tvers av dagens kommunar. (www.stad2020.no for info. om ordninga)

PROGRAM for opningsdagen!
Kl 10.00 - Avgang guida tur til Staurdalsegga frå Naveosen.
Kl 12.00 - Aktivitetane startar ved Lefdalsvatnet.
Natursti frå Naveosen til Draumeplassen (med spørsmål om Bryggja,
4H og nye Stad kommune). Kajakk, SUP-brett, kano, skumleskogen.
Det vert høve til å kjøpe mat ved gapahuken.
Kl 14.00 - Opning av Draumeplassen. Premieutdeling for tur til Staurdalsegga og naturstien. Aktivitetane fortset.
Kl 16.00 - Avslutning

Utgangspunkt for turen: Naveosen (rett etter brua ved Navevatnet).
God parkering i nærleiken. Turlengde: 20 min, rask vanleg gange. Tursti 40 min.

Velkomen til alle innbyggjarane i vår framtidige felles kommune! Håpar du tek turen og feirar dagen saman med oss.

Med helsing Hei og Hå 4H, Bryggja utviklingslag og Stad2020

Status pr. 6.september, Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Invitasjon til å teikne aksjar i Nordfjordbrua AS.
Opning av "Draumeplassen" ved Lefdalsvatnet
Hei og Hå 4H
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje
Referat frå Bryggja utviklingslag sine møter

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
7. sep - 29. nov
Her ligg haustplanen for Fjordly Ungdomssenter
26. sep
Oppisiell opning av Bryggja Skule AS
30. sep
Sanitetsbasar
Bryggja Sanitetsforening
13. okt
Vestavind arrangerer "Oktoberfest" i Bryggja Grendahus
Vestavind
21. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H, dørene opner kl 15.00
Hei og Hå 4H
27. okt
Salsmesse i Bryggja Grendahus
Bryggja Bygdatun
17. nov
Julebord
Bryggja Bygdatun
28. des
Romjulsdans med revy 28 desember
Bryggja Bygdatun