Laurdag 7.desember 2019
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Ytre Nordfjord Brass - Arrangement

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

BYGDAFEST M/PROGRAM

Tid: Laurdag 29. desember kl. 20:00
Stad: BRYGGJA GRENDAHUS,
Arrangør: Ytre Nordfjord Brass

"ROM for det meste" er årets julekabaret på Bryggja.

Romvesen, råning, svingande poplåtar i fleirstemt song, hoftevrikk, nettingstrømper og glitrande kostyme. Alvor og skjemt. Åmdalskoret Berre Damer fristar med mykje i kabareten "ROM for det meste".

Rom er eit utruleg romsleg ord som gir ulike innfallsvinklar til livet. Slik denne kabareten gjer. Den handlar om dei ulike romma i livet, og skal minne oss på å leve medan vi er i livsrommet.
Vi håper kabareten får folk både til å skratte slik at gledetårene sprett, og gir dei ein klump i halsen av ord til ettertanke.
Ein humørpille utan resept......
"Denne kabareten er gleden som kjem frå grasrota, med meining i "
I glitrande sjølvsydde kostyme serverer dei kjende melodiar i ulike sjangrar som viser, country- og poplåtar. Og dei svingar seg i linedance og syforeiningsboogie, gir friske og humoristiske innspel og dikt til ettertanke.

Om koret:
I 21 år var Åmdalskoret eit blandakor, men for fem år sidan vart det til koret "Berre Damer". "ROM for det meste" er den tredje kabareten damene har laga.
Det er 25 damer som kjem til Bryggja denne kvelden for å skape liv å røre i lattemusklane.'

Fårhandsalg av billetter til revy på tlf.nr:
Kari Solheim mob.nr: 971 93 160
Eli Vambeseth mob.nr: 901 66 942 / 57853290 etter kl 1700

Program kr 150.-
Dans m/ Wåges kr 150.-
Program m/dans kr 250.-
HER ER MÅ DU FÅ DEG BILLETT FØR DET BLIR FULLT.

Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))
Trekningsliste 2019 frå salgsmessa
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste, Haustfesten i oktober til Hei og Hå 4H
Hei og Hå 4H
Bryggja utviklingslag har starta bulystprosjekt for Bryggja.
Bilde mala av Erling Solheim, gje bud