Onsdag 25.april 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Fjordly Ungdomssenter

Snarvei til Fjordly si web-side

Fjordly Ungdomssenter vart innvigd i pinsa 1973 og seinare bygd på i 1984.

Fjordly Ungdomssenter er ein leirstad som barn, tenåringar og vaksne frå heile Nordfjord reiser til.
Vi tar imot leirar, slektstreff, kurs, selskap og andre samlingar på bestilling. Ein kan bestille berre overnatting òg. Staden har 6 hytter til overnatting. 3 av dei er nye, og éi av dei nye hyttene er ei stor vinkelhytte med stove i midten. På fleire av hyttene er det kjøken og høve til å ordne seg med mat sjølv.

Bønehytta vår er eit lite, lunt bygg med seks kantar. Uteområdet er prega av vakker natur og mange moglegheiter. Fjordly ligg på ein holme med veg til fastlandet, og her er flytebryggje og naust med robåtar, kanoar og kajakkar. Vi har store plenareal, fotballbane, volleyballbane, bålplass med grillgrue og diverse uteleikar. Inne har vi biljard, bordtennis og mange brettspel og aktivitetar.

Frå Fjordly er det kort veg til turstiar i mark og på fjell. Overnattar ein her, har ein òg eit godt utgangspunkt for å besøke både indre og ytre Nordfjord, med mange flotte attraksjonar. Velkomen til Fjordly!


Fjordly 18, bilde 3



Fjordly 18, fjorden



Fjordly 18, bilde 1



Fjordly 18, bilde 2


Teikningsblankett emisjon Bryggja Skule AS, og les fylgjeskrivet
Trekningsliste , frå Vestavind 's SYNG MED OSS 18.mars 2018
Vestavind
Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
5. feb - 1. jun
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
28. apr
DUGNAD INNE OG UTE PÅ GRENDAHUSET
Bryggja Bygdatun