Dugnaden "for lysare tider"

Skrive av: Inger Johanne Heikkinen, 20. Sep 2013

Arbeidet vart gjort mellom regnbygene 30. og 31. august 2013

Styret i Grendahuset vil rette varm takk til dei som møtte og gjorde ein STOR dugnads-innsats:
Alice, Dagfinn, Kari, Kitt, Oddfrid, Oddrun og Per.

Uteområdet er for stort til at vi greier å halde det pent og ryddig.
I bedet mot fjellet på oppsida voks små-bjørk og ugras i full fres gjennom duken og tok aldeles overhand. No satsar vi på singel og eventuelt litt plantar i potter.

Dette prosjektet hadde vore utenkjeleg utan hjelp av gravemaskin, så takk for lånet Jonas!
Takk og til Reiel som frakta maskina til og frå, til Peder Ole som leverte grus og stilte deponi til disposisjon, og til Per og Jetmund somfrakta vekk jord og ugras med traktor og hengar.

No er mykje av området snau-klipt, slik at nytt liv får lys og luft til våren.

Dugnads-gjengen sette stor pris på at Eli stilte med kaffimat og servering, og at Alv Aalens Eftf. spanderte pizza og brus.
Dette ga nye krefter til trøtte kroppar!

Som vanleg er ikkje fotografen med på bilda, men ingen må tru at Stig Rune låg på latsida!

Ganske snart er elektrikarane på plass og då har vi "lysare tider" ned bakken mot busstoppet.

Helsing styret:
John Tenden, Jon Ole Eikås, Jarle Kroken, Stig Rune Maurstad, Inger Johanne Heikkinen og vara Jetmund Nyvang, Atle Myklebust og Jan Åge Book (som ikkje var heime den helga)

Flittige jenter ordnar opp: Alice, Kari, Kitt og Oddrun.Foto: Stig Rune Maurstad
Uten gravemaskin og traktor hadde ikkje dette vorte gjort.Foto: Stig Rune Maurstad
Jon Ole og John tok seg av utelys-arbeidet.Foto: Stig Rune Maurstad
Her er John i aksjon.Foto: Stig Rune Maurstad
Jarle pusser dører.Foto: Stig Rune Maurstad
Inger Johanne i kamp mot ugras og mose.Foto: Stig Rune Maurstad
Kitt finn ugras heilt ut på kanten.Foto: Stig Rune Maurstad
Jarle reparerer eit stort hol i gjerdet.Foto: Stig Rune Maurstad