Sanitetsbasaren 3.oktober 2021

Skrive av: Randi Husevåg, 07. Oct 2021

Takk til alle som sponsa og støtta sanitetsbasaren vår. Nærmere førti tusen brutto er innafor i desse koronatider.

Leiar Rigmor Bakke opna basaren og orienterte om all aktiviteten vi har hatt i år; både med vaksinevakter, regionale møter og kurs, digitalt Fylkesårsmøte og digitalt Landsmøte som skulle vere i Tromsø. Vi har blant anna gjett mange pengestøtter til NKS-fonda, skulen, barnehagen, skulekorpset og handkle til dei nyfødde i bygdene Bryggja og Almenning. Og i vår solgte vi fastelavensris.

Folk kosa seg på basar med gode kaker og mykje lodd. Vart ikkje kor og korps som underhaldning i år. Ungane fekk premie for onsdagsturer.

Bryggja Grendahus fekk overrekt hjertestarteren som gave. Mariel Hole skal halde kurs i bruken av denne seinare for dei lag og organisasjoner som bruker grendahuset. Dato kjem vi attende til.

Neste år håper eg vi får ha sanitetskafè og selge lodd rundt i bygdene. Så ønskjer vi fleire medlemmer både aktive og støttemedlemmer.

Her er bilder (uten kakebord) og trekningslista.