Laurdag 18.august 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Arresten/ A.Lem på Bryggja

Arresten på Bryggja © Rigmor Navekvien
Arresten på Bryggja
Rigmor Navekvien
Omringa av gamle ærverdige tre ligg det gamle Lensmannstunet på Bryggja. Eitt av husa vert kalla Arresten.

Huset.
Huset Arresten står i stil med hovudbygningen, og er måla i same gulfargen. Det blinkar i dei små rutete vindauga. Det einaste bygningsmessige som fortel at dette huset har vore brukt til arrest, er det solide jerngitteret i glaskarmen. For å sjå det må ein heilt inn til huset.

Eitt av fleire.
Bygningane i Lensmannstunet på Bryggja vart bygde i tidsrommet 1860-1870, før tunet vart lensmannsgard. Lensmann Arnoldus Lem fekk skøyte på eigedomen, bruk nr.10 på Maurstad i 1876. Lensmannen tok huset som no vert kalla Arresten i bruk til kontor og arrestlokale.

Eldre folk hugsar.
Bryggja høyrde til Davik kommune fram til 1964 då bygda vart lagt til Vågsøy kommune. Det var lensmannsfolk i lensmannstunet på Bryggja frå 1876 til 1916. Eldre folk hugsar klasseskilnaden mellom vanlege bygdefolk og folka i lensmannsgarden. Der var det tenestefolk og guvernante. Dei hugsar og at der var innsette i arresten, i somme høve fangar som skulle vidare til fengslet i Vik i Sogn. Lensmann Lem døydde i 1925, og husa skifta eigar. Men Arresten står der som eit pust frå ei anna tid.

Lensmann A. Lem.
Lensmann Arnoldus Lem var fødd 8.februar 1847 i Førde. Foreldra var lensmann Arnoldus Hess Lem og Andrea Olava Lem.
Arnoldus Lem © ukjent
Arnoldus Lem
ukjent
I åra 1865-1869 var han kontorist hjå futen i Sogn, i 1869-1872 kontorist hjå sorenskrivaren i Indre Sogn og i perioden 1873-1875 kontorist hjå Amtmannen i Sogn og Fjordane. Han var gift med Anna Elisabeth Paasche og budde på garden sin Maurstad til han døydde 3. mars 1925. Arnoldus Lem var lensmann i Davik frå 1875 til 1916. Då han slutta møtte formannskapet opp i heimen hans og overrekte eit gullur med kjede for lang og tru teneste.

Rigmor Navekvien. 2000.
Database error: Query DB == false, query failed
Mysql Error: 0 (14: Can't change size of file (Errcode: 28 "No space left on device"))
Har de leikar, ting til skulekjøkkenet o.l. så tek Bryggja Skule imot
Her ligg plakaten over onsdags-/ Kløverturane i Bryggja sanitetsforening
Bryggja Sanitetsforening
År 2018 er blitt eit år kor vi skriv «ny» historie for bygda vår.
Status pr. 9.august, Gapahuk ved Lefdalsvatnet, 4H-prosjekt
Hei og Hå 4H
Søknadskjema for elevopptak i Bryggja skule AS, og skjema for samtykkje