Isproduksjon

Is, Ein eksportartikkel frå bygda for nokre tiår tilbake

I tida frå om lag år 1930 og fram til sist på femtitalet vart det om vintrane levert mykje is frå Bryggja til fiskeribedrifter i Måløy. Isen vart henta frå Navevatnet, og i periodar frå Juvatnet. Den vart saga i blokker, fløyta til land og lasta opp for transport til sjøen og videre skiping til Måløy.
Hestetransport vart nytta i byrjinga, før lastebilen overtok. Saginga vart utført for hand dei fyrste åra, seinere vart den motorisert. Knusing og lasting foregjekk fyrst på “ Ishuset" ved dampskipsekspedisjonen, dei siste åra på "Norakaia ". Denne aktiviteten gav mange sesongarbeidsplasser for folk i bygda. Aktørane som dreiv dette var: fyrst Lefdal Fiskeriselskap/ Rasmus M. Nave. Seinare Jens Åsen og dei siste åra Knut Nore.

Viser elles til artikkel av Dagfinn Hessevik i Årbok for Nordfjord 1997.

- Harald Maurstad -

Istaking-1950. F.v.Einar Brobakke, Einar Midthjell, Nils Heggheim, Hjalmar Brobakke, Sverre Nore og Rasmus M.Nave.Foto: A.Nore
Istaking 1955. Mannen ved krana er Karstein Nore.Foto: Nore
Istaking/motorsag 1955.Foto: Nore