Heimeside

Arbeidet har vore å hente inn informasjon frå lag -og organisasjonar og andre slik at vi kunne sende dette til firmaet DagenDin.no som har bygt heimesida.
Laga skal no oppdatere informasjonen og få inn aktivitetar som dei held på med til ein kvar tid.
Vi håper at sida vert halde liv i og at mange besøker sida.

Det er mykje informasjon som skal inn på sida under t.d. historie og kultur. Dette skal vi skrive inn seinare. Vi ønskjer å få samla inn mange gamle bilder som vi skal presentere på heimesida.

Vi opna heimeside den 10.10.2003. Utviklingslaget har ein eigen plass på sida til møtereferat, prosjekt osv. Organisasjonar, lag og skulen er brukarar av sida. Mykje tid går med til å følgje opp sida som er bygd av DagenDin. Tekst er enkel å legge inn, og bildebehandlinga er blitt bra. Bilda blir komprimert direkte inn på sida, og der er eige bildebehandlingsdel.

Vi presenterte sida på bygdesamlinga i Vetlefjorden og i Kjølsdalen. Det er andre bygder som no har teke i bruk dette systemet som vår side er bygd på.

Ansvarlig for heimesida: Gert Meyer
Historieansvarleg: Harald Maurstad