Alfred Maurstad sin fødestad

Alfred Maurstad vart fødd på småbruket “ Tuftene “ på garden Maurstad i 1896. Han var ein framifrå skodespelar.
Frå teateret vart han vel mest kjend for roller som:” Peer Gynt, Driftekaren “og familiedramaet “ Lang dags ferd mot natt “, der han spelte mot ekskona Tordis og sonen Toralv. Han gjorde og stor suksess innanfor filmen, med hovedroller i bl. a. “Fant“, “Gjest Bårdsen“, “Trysil- Knut “ og den blide sørlendingen “ Tørres Snørtevoll“.
Som felespelar var han utrulig dyktig og ein god ambassadør for folkemusikken.
I sitt ekteskap med Tordis fekk han sonen Toralv, som vart eit av dei store namna innan norsk teater i etterkrigstida.
I sitt andre ekteskap, med Gro, fekk han sonen Endre og dottera Mari. Også ho har skaffa seg eit namn innanfor teatermiljøet.
Alfred døydde i 1967.

-Harald Maurstad-

SOMMARKVELD PÅ TUFTENE

I skråninga ned mot Maurstadvika ligg Tuftene, Alfred Maurstad sin barndomsheim.
-Junikvelden er lys og mjuk. - Med varlege steg går eg gjennom den opne grinda, langs steingarden, der skog og kratt går hand i hand for å gje ly og vern om den gamle garden. - Eg er i grenselandet mellom fortid og nåtid der stilla og einsemda går ved sida mi. Eg stoppar opp ved dei to gamle trea nedanfor husa,- stammane er ru og harde, med mønster og ein slags runer som naturen sjølv gjennom tidene har rissa inn. Men bladverket er nytt og ungt, og gjennom trekrunene skimtar ein kveldshimmelen.
Dette var Alfred sitt rike. Her henta han inspirasjon til sitt krevende yrke som skodespelar, her spelte han sine roller,- her kunne han vere seg sjølv. Røtene og banda til Tuftene og heimbygda var sterke.
Ikkje rart at her var grobotn for draum og fantasi.- Dei gamle husa fortel si eiga soge - utan ord. Sovande- med gråbrune vegger, torvtak der eine og kratt har funne sin naturlege plass. -
Vinden stemmer strengene, kjæler med graset ved eldhustrappa, der Alfred så ofte sat og stemte sine strenger. Tonar frå fela hans fyllte Tuftene med musikk den gongen, musikk som enno ligg i folkesjela, - og glimtar som perler i kulturen vår.

Inne i stova får ein óg denne kjensla av at tida har stått still. Gamle møblar og bruksting er tekne vare på, rokken, kardene og skyttlane fortel om farne tider og slekter. Likeeins bryllupskorga som har tilhøyrt bestemor til Alfred.
Nemnast må også Erling Solheim sine maleri, særlig illustrasjonene til visa om “Svarterabben”. Her har også denne kunstarten spelt ei stor rolle.
Det glimtar i dei små glasrutene, og eg har ei kjensle av at ein lyd manglar. - Eg lyttar - og oppdagar sjølve symbolikken i dette at tida står still : - Den gamle stoveklokka står. - Det har blitt seint,og skyminga legg seg over tun og gard. Ovanfor Lavollen skimtar eg Storebjørka,som ventar på at kveldsvinden skal gå til ro. - Ventar på at nattdogga skal legge sitt sølvgrå slør over greiner og blad. Storebjørka er gammal, ho minnest somrar som kom - og for. Igjen kjenner ho høgsommarsusen i bladverket. Stilt nynner ho songen som Alfred lærte henne ein gong for lenge, lenge sidan-: “Sommarkveld på Tuftene”,- songen som ingen andre kan.-

-Rigmor Navekvien-

Desse inntrykka frå Tuftene vart skrivne i 1990, i høve ein Maurstad-kveld under landskappleiken på Eid.

Alfred Maurstad. Bilete teke juli 1944.Foto: Torstein Meidell Johnsen
Tunet på Tuftene.Foto: H. Maurstad
Tuftene.Foto: H. Maurstad