Onsdag 22.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Nyhende

Heider til styret i Bryggja Grendahus BA

Under 17.mai-programmet i grendahuset ”Bygdatun” på Bryggja vart styret i grendahuset heidra med kvar sin ”BegeistRing”.
Det var Bryggja Utviklingslag som hadde teke initiativet til at grendahusstyret skulle få heider frå bygda for den innsatsen som styra har lagt ned for huset frå tida då dei starta planlegging av huset og fram til i dag.

Det var medlem i styret for Utviklingslaget / 17.maikomiteformann Martin K Waag som føretok den høgtidelege overrekkinga.

Waag sa m.a dette til styret:

”Grendahuset Bygdatun er noko som bygda vår er avhengig av. Alle treng det før eller sidan. Alle er glade for at vi ved hjelp av kvarandre – og ved hjelp av eldsjeler fekk opp dette huset i 1995.
Heile tida sidan har dette huset vore drive av eit styre som gjennom tida har veksla litt i samansetjing. Heile tida har det vore framdrift – prega av kvalitet på alle nivå. Vi som leiger huset finn alt på rett plass – og i stand. Inne og ute har det vore kvalitetslyft. I augekroken ser vi STYRET som sjøle jobbar – og får andre med – til beste for huset og bygda. Som symbol på at bygda set pris på styret sitt arbeid, vil bygda her heidre styremedlemene med kvar sin ”BegeistRing” i sølv.”…

Medan Waag framførte ”takketalen” stod dei fem styremedlemene på podiet framfor ein fullsett sal og tok imot folket si begeistring.

Dei som tok imot utmerkinga er Kirsten Lillebø, Stig Rune Maurstad, Dagny Nave Giil, Åge Kassen og Oddfrid Vambeseth.
Utdeling av Begeistringen til styret for Bygdatun
Utdeling av Begeistringen til styret for Bygdatun
f.v. Kirsten Lillebø, Stig-Rune Maurstad, Dagny Nave, Åge Kassen, Oddfrid Vambeset og 17.mai leiar Martin Waag


Kva er så ein BegeistRing? Den er oppfunnen av ”Lucky Næroset” i Hedmark. Dei skriv på si heimeside om BegeistRingen:

”BegeistRingen gis en person som evner å skape glede, glød og begeistring i sin omverden. En Begeistringbærer kan lettere tåle motgang og holde det gående.

En BegeistRing kan utvides innover og utover til det uendelige, til den blir som ringer i vannet – som starten på en menneskebølge som gjør flere synlige – og stolte.”

Andre som har fått tildelt BegeistRingen er bl.a. Arne Næss. ..

BegeistRingen vert m.a.o gitt som oppmuntring til dei som gjer ein jobb for fellesskapet. Det har styret i Bryggja grendahus gjort.

Bygda takkar dei – og ynskjer dei lukke til vidare med det samfunnsnyttige arbeidet dei legg ned for nærmiljøet.




(Sist oppdatert 23.mai 2007, 21:28)

Gå til nyhendearkiv

Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass