Laurdag 25.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bygdatun - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

BRYGGJATREFFET 2012

Fredag 18. og laurdag 19. mai

1. Kunngjering

Dette er ei melding til utflyttar, innflyttar, pendlar, fastbuande; Ja, alle som kjenner bygda, eller som på anna vis er knytt til Bryggja.

Nytt høvet til å treffe gamle kjenningar og lære nye å kjenne på BRYGGJATREFFET 2012 !

Det er mange år sidan vi hadde den store «Utflyttarfesten» på Bryggja. No rustar bygda seg igjen til dagar med aktivitetar og moro for små og store.

Vi er mange som skal leggje oss i selen for å gjere desse dagane kjekke og minnerike.

Førebels legg vi opp til ei ekstra framsyning av romjulsrevyen "Då damene drog"/pub fredag kveld og middag med litt underhaldning og dans laurdag kveld.

Programmet elles er under planlegging i samarbeid med ulike lag og organisasjonar i bygda.

Innhaldet vert kunngjort etter kvart som ting fell på plass.


Arrangør: Bryggja Grendahus
i samarbeid med fleire lag og organisasjonar i bygda

Gå til nyhendearkiv

Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun
Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass