Onsdag 22.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Skyttarlag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Årsmelding 2007

Bryggja Skyttarlag

Av Odd Hestenes

Året 2007 er historie, og det er tid for å sjå tilbake på det som har foregått av aktiviteter i laget.
I januar børja vi med forberedelsar til ferdigstilling av 300m.
Dalane og Bryggja stilte med dugnadsfolk for opparbeiding av fundament til
skivestativa. Alex og Ingebrigt hadde gjort ein god jobb med maskina så det stod då att ein del finpussing for dugnadsgjengen. Roald og Magne hadde kontrollen med høgder og forskaling.
Pga frost måtte vi utsette støypinga til våren skikkelig hadde sett seg. Astor stilte med ferdigbetong og Reiel og Jetmund stilte traktorane sine til disp, Jan Frode skaffa fiskekar frå dombstein, so heile støypearbeidet gjekk unna i ein fei. Dalane ordna med skivestativ og bakgrunnsdekning. Karl stilte med traktor og vinsj slik at det vart råd å få på plass gummibanda(som var serdeles tunge å handtere) til bakgrunnsdekninga.
Jonny køyrde på plass skivene og desse passa som hand i hanske i stativa som Malvin hadde montert.
Det var med stor spenning vi løyste dei fyrste skota mot 300m. Men det var ingen grunn til engstelse, alt fungerte perfekt. Av dugnad elles har det vore litt rydding og flikking i og på bygningar.

Når det gjeld arrangement starta laget med å arrangere samlagstemne i miniatyr
(nordfjordhallen) Dette vart gjennomført på ein utmerka måte og vi fekk berre positive tilbakemeldingar frå dei som deltok.
I April arrangerte vi feltstemne med bra oppmøte. I juni stod det årlige banestemne for tur. Her var det knytt ei viss spenning til det nye elektronikkanlegget på 300 m. Vi byrja på Fredag og her fungert alt etter planen, men når vi skulle til på Laurdagen hadde ei av datamaskinene i løpet av natta teke kvelden, so her vart det ein del plunder før Odd fikk henta og installert ei ny maskin. Etter dette fungert det tilfredstillande på alle måtar.

Av sportslige aktivitetar kan ein nemne at laget stilte med mange skyttara på vestlandstemne, der Robert Inge og Odd skaut seg til finalen i felt noko som vi må seie er godt prestert.
Jan Frode gjorde også ein god figur på samlagstemne i felt
Robert Inge hadde kjempegode plasseringar på Landelsstemne med 2pl felt individuelt og 1 pl lag på bane.
Laget hadde 3 mann på LS i Steinkjer. Her var det litt varierande resultat for dei to eldste, Roald knalla til med 27 treff på feltrunden under optimale forhold, Odd vart tatt av vinden. Robert Inge var med på nordfjordlaget som hevda seg kjempegodt på baneskytinga for samlag.
På samlagstemne bane må vi nemne Leif Gunnar si gode prestasjon med 239 på hovudskytinga, ikkje kvardagskost i vårt lag, men vi får håpe at det blir fleire etter kvart.
Laget har i år etablert eit samarbeidsutval i forbindelse med Dalane sin inntreden på baneanlegget, her vart Stig Rune valgt til leiar.

Åke Leivdal tok kontakt med Bryggja Skyttarlag med tanke på salg av det arealet som laget har leiavtale på. Dette vart teke opp både på forrige årsmøte og seinare i styremøte. Det vart her avklart etter tilråding frå forbundet at hvis en skulle gå til kjøp av dette arelet var det ein fordel at eit lag stod som eigar. Dette vart drøfta med dalane skyttarlag som i ein konklusjon ikkje såg noko problem med dette.
Formann utarbeidde i samarbeid med Åke Leivdal forslag til salgsavtale.
Denne vart so godkjent av dei involverte partane.
Atalen er no ferdig utforma og underskriv av begge partar, og det er no sendt inn søknad om oppmåling til kommuna.

Som formann gjennom dei siste åra vil eg no få takke for meg og ynskje nye krefter lukke til vidare med nye og interessante oppgåver i laget.

Mvh
Odd Hestenes
---Formann--



Gå til nyhendearkiv

Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass