Laurdag 12. april arrangerte vi feltskyting under gode skyteforhold. Det møtte heile 67 skyttarar frå Ålesund i nord, til Florø i sør. Av desse skaut 41 stk. grovfelt, og 26 stk. finfelt. Grovfeltløypa var opplagt med knapp skytetid og vanskelege hald. Dette førte til at ingen klarte 30 treff, sjølv med oppgitte skyteavstandar. Stemnevinnar vart florøværingen Erling Melvær som den einaste med 28 treff.Beste skyttar frå Bryggja vart Roald Svoren på 2. plass, med knallgode 27 treff. På finfelten var det Tor Zachariassen frå Ålfoten og Håkon Sætre frå Haugen som begge skaut fult hus, 30 treff og 25 innertreff.