Tysdag 21.november 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Sanitetsforening - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Fylkesmøte 2008 i Høyanger

arrangør Kyrkjebø Sanitetslag

Av R.Husevåg

Bryggja hadde utsending Gunnvor Svoren og Randi Husevåg på fylkesmøte som Kyrkjebø arrangerte på Øren hotel i Høyanger den 25.-27.april.

Laurdagen opna dei fylkesmøte med velkomst av leiar Lilly Ljotebø i Kyrkjebø sanitetslag og vidare var det helsing frå Høyanger kommune ved Marit Norstrand.
Fylkesleiar Anne Rigmor Gjertsen ønska velkomen og erklærte det 59.årsmøte for åpnet.
På fylkesmøte hadde vi dei vanlege årsmøtesakene.
Hovedstyret sin representant Ingrid Ødegård som er fylkesleiar i Oppland hadde hovedtema "Orgnisasjonens framtid" og inni mellom hadde vi gruppearbeid om dette temaet og om verving.
Valgkomiteens leder på landsplan Ragnhild Natland helsa også og ho prøver å få kandidatar til hovedstyret.

På ettermiddagen laurdag vart vi kjørt i buss til Kyrkjebø sjukeheim der gjekk vi i bunadtog til kyrka. Været var regn og vind. Det var ei fin gudsteneste med innslag av barnekortet "ABC-koret" til Kyrkjebø, deretter vart vi kjørt til Øren hotel igjen der vi fekk festmiddag. Der var program under middagen og Elise Berglund frå Davik underheld med artige historier. Årsmøtet fortsatte søndag og avslutta med lunsj kl 1300.

Her er nokre bilder frå møtet:

Fylkesmøte- Margunn og Gunvor i bunadtog
Fylkesmøte- Margunn og Gunvor i bunadtog

Fylkesmøte-bunadtog til Kyrkjebø kyrkje
Fylkesmøte-bunadtog til Kyrkjebø kyrkje

Fylkesmøte-barnekoret til Kyrkjebø-ABC koret
Fylkesmøte-barnekoret til Kyrkjebø-ABC koret

Fylkesmøte- Kyrkjebø skule og ungdomskorps med drill
Fylkesmøte- Kyrkjebø skule og ungdomskorps med drill

Fylkesmøte- Gunvor Svoren
Fylkesmøte- Gunvor Svoren

Fylkesmøte- innslag med Elise Berglund -Davik
Fylkesmøte- innslag med Elise Berglund -Davik

Gå til nyhendearkiv

Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
3. des
Julekonsert i Totland kyrkje, julekafe etterpå i Grendahuset
Ytre Nordfjord Brass