Laurdag 21.oktober 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Hei og Hå 4H - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

10 MILLIONAR TIL 4H !

Gla’melding til haustfest-publikum i Bygdatun.

Av O.Vereide




Leiv Sølvberg som representerte 4H Sogn og Fjordane på haustfesten til Hei og Hå 4H søndag 19.10. er svært glad for at 4H Norge vann Årets gåve frå Sparebankstiftelsen DnbNOR på 10 millionar kroner. Pengane skal brukast til naturmøteplassar i nærmiljø over heile landet. No må vi lage gode prosjekt slik at ein del av desse pengane kjem til Sogn og Fjordane og også til Hei og Hå 4H på Bryggja.


Annette og Sigrid leia ein fullsett sal gjennom programmet med stø hand.


Fyrst på programmet stod skodespelet ”Ei tidsreise gjennom Vestlandet” av Gislaug Heinum. I den urolege folkevandringstida 500 e. Kr. gjekk det hardt for seg. Her er høvdingen drept og skal haugleggast i eit skip.


Reformasjonen år 1536. Fattige bønder er redd for kongsmennene som øydelegg kyrkjene og tek alle helgenbilda.


God innsats av alle skodespelarane.

23 medlemar hadde stilt ut prosjekta sine. Her var mykje fint og interessant å sjå og smaksprøvene fekk bein å gå på.


”Vi bakar” er eit populært prosjekt og her er ei hadde ei fin utstilling.


Alle aspirantane (10 og 11 år) har ”Aspiranten” der dei kan gjere litt av kvart som fiske, gå på tur, lage mat eller passe hunden.


Jarle og Andreas hadde eit flott prosjekt ”Skogsarbeid” der dei har produsert ved for sal og tent gode pengar. Jarle laga også ein power point presentasjon der vi kunne sjå bilder frå dei ulike arbeidsoperasjonane.


Leiv Sølvberg og nestleiar i Hovudutval for oppvekst og kultur i Vågsøy kommune Kristin Maurstad stod for utdeling av merke og sølvskei for fullført 4H prosjekt.


Sigrid song eit fengande potpurri av ABBA.


Kjekt at så mange kom på festen. Takk til Kim Andre som styrte lyd og lys og til Maurstad Ungdomslag for lån av mikrofonar og lyd- og lysutstyr.











Gå til nyhendearkiv

Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening
Helsing til Davik Sanitetsforening den 26.august 2017
Bryggja Sanitetsforening
meir info om innbyggjarhøyringa i Bryggja
Trekningsliste frå Bygdelotteriet 17.mai 2017
Referat frå fylkesmannen, 04.07.2017, grensejustering Bryggja

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
22. okt
HAUSTFEST FOR HEI OG HÅ 4 H
Hei og Hå 4H
28. - 29. okt
Salsmesse
Bryggja Bygdatun
12. nov
YNB held musikkafè i Grendahuset. Gjestekorps: Eid Musikklag
Ytre Nordfjord Brass
18. - 19. nov
Dansefest med SIXPACK
Bryggja Bygdatun