Måndag 26.februar 2018
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja skule - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Stemningsfull skuleavslutning på Søholmen

Elevar, lærarar og foreldre smilte om kapp med sola

Av Jens Frode Vågen


Tysdag 15. juni hadde vi den offisielle skuleavslutninga på Søholmen. Flott vèr og god stemning gjorde kvelden til ei flott avrunding på skuleåret for alle dei som har tilknytning til Bryggja skule.


Vi starta med tradisjonell natursti rundt om på Holmen, medan grillen blei fyrt opp. Så blei det tid til grilling av pølser m.m og ungane kosa seg med blant anna volleyballspilling og leik i fjæra.
Nytt av året var allsong, noko som skapte god stemning på Holmen. Populært for både unge og eldre..
Ingen skikkelig skuleavslutning utan ein real fotballduell mellom 7. klasse og foreldra deira. Denne gangen var det imponerande innsats, saftige taklingar og kampen måtte tilslutt avgjerast på straffar. Foreldra gjekk nok eingong sigrande ut av duellen, etter at Rita klarte å lure sonen Sigurd Olav på den siste og avgjerande straffen.

Så blei kvelden avrunda med å ta avskjed med 7. klasse. 7. klassingane overraska læraren sin med å utfordre han på diverse spørsmål alt i frå matematikk, kjennskap til elevane og til fotball. Jens Frode fekk badehankle, dykkerbriller med snorkel og "Batman" badeball, ettersom 7. klasse har avslutta skuleåret med å bade kvar dag..

Alt i alt ein flott kveld, der både store og små kosa seg ute i det flottte sommervèret vi var så heldige å ha denne kvelden..
Bildeglimt..























Gå til nyhendearkiv

Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun
Trekningsliste frå 4H haustfesten 2017
Hei og Hå 4H
Trekningslista frå sanitetsbasaren 1.okt 2017
Bryggja Sanitetsforening

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
5. feb - 1. jun
Vårplan til Fjordly ungdomssenter
24. mar
Påskequiz, pub og dans med Steinar Engelbrektson i Grendahuset
27. mar
Private og offentlege verksemder –lag og organisasjonar i Eid og Nordfjord inviterast til påsketreffen i Operahuset Nordfjord "bli-kjed-fest"