Onsdag 13.desember 2017
tips, tilbakemeldingar og stoff til Bryggja.no

Bryggja Pensjonistlag - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Sommartur til Gol

August 2009

Av Jofrid Solibakke

Fellestur for Eid og Bryggja pensjonistlag

Mandag 10. august reiste Bryggja og Eid pensjonistlag på tur til Gol. Det var overskya, men fint turveir. Ragnhild i turnemnda hadde merka annakvart sete på bussen til Bryggja og til Eid så ikkje alle frå Eid måtte sitje bak i bussen..
Vi plukka opp folk innover og på Eid kom resten på, så vi var 44 i alt, og sjåfør den same som ofte før, Egil Holm.
På Lote ønskte Margun alle vel møtt ombord. Arnvid ønskte vel møtt frå Bryggjalaget. Han var nett attkomen frå ferie og no var det på han igjen.

Turleiar og sjåfør © Arnvid Nore
Turleiar og sjåfør
Arnvid Nore

På Anda var det utdeling av vatn og brus til dei som ville ha. Det vart meir sol dess lenger inn i fjorden vi kom, og Egil spelte Drømmen om Egil.
Nokre av damene i laget hadde laga kake og kaffi, så på ein rasteplass i Fjærland hadde vi kaffipause midt på dagen. Der var sol og fint veir. Vidare gjennom alle hola i fjella til ferjekaia. Der vart vi freista av moreller frå Sogn og dei var gode.
Margun fortalde om alle kommunane vi for gjennom og kor mange som budde der. Vi hadde konkurranse om Sogndal kommune. Fire personar var like nær rett svar.

I Lærdal hadde vi lunsj på ein kafe, og sjølvsagt fekk vi laks når vi var i Lærdal, og den var nydeleg. Vi fekk servert både mat og dessert så det var berre å sitje i ro og nyte det.

Eid og Bryggja pensjonistlag på tur til Gol © Arnvid Nore
Eid og Bryggja pensjonistlag på tur til Gol
Arnvid Nore

Klokka 14.30 køyrde vi opp dalen og over fjellet. Vi hadde nokre regnbyge, men dei var veldig lokale. På høgste fjellet hadde det hagla, det såg vi på vegen.
Etter to timar kom vi til Pers Hotell der vi fekk oss rom så vi fekk bagasjen på plass. Reiseleder og sjåfør hadde problem å få rom, men det retta seg til slutt. Nokre hadde rom som vende ut mot badeland og sklie til ungane. Det var mykje skrik og skrål, men dei hadde det veldig kjekt såg det ut for.

Kjekt å vere på tur © Arnvid Nore
Kjekt å vere på tur
Arnvid Nore

Kl 19 var det middag med varm og kald mat, dessert av mange slag og kaffi, så det var berre å forsyne seg.
Der var eit pensjonistlag frå Strandebarm, dei var ein 25 personar. Elles var det mange både norske og utanlandske gjester, så der var mykje folk.
Om kvelden var det dans, ein som spelte trekkspel og sang til. Det var musikk som vi pensjonistar likar. Egil vår var med og spelte. Vi måtte fram å gå marsjen, så det var ein som fekk opp stemninga. Etter kvart fann vi attende til romma og gode senger.

Tirsdag
Etter frukost reiste vi til Huso Eventyrgard. På bussen hadde Rigmor ord for dagen om den pjuskete blomsten som vart sett bak gardina og kom seg føre att når den fekk tid for seg sjølv. Slik er det med oss og, ikkje alle dagar er like gode.

Huso Eventyrgard © Arnvid Nore
Huso Eventyrgard
Arnvid Nore

På Eventyrgarden var det mange hus. Eit var fullt av dyr og fuglar av mange slag, men eit av dyra var det feil med. Det skulle vi få løysing på om vi ikkje greidde det sjølve. Det var nokre som såg det; ei elgku med horn.
Vertinna i Hallingbunad ønskte oss velkomne og fortalde om dei ymse husa, så kunne vi dele oss i grupper og sjå oss rundt sjølve. Der var mange reiskap av mange slag, klær av mange sortar, arbeidskle, handarbeid av både menn og kvinner, og bunader av fleire slag.
Nissen låg i ei seng og pusta så dyna letta seg, og Fanitullen sat med fela i eit av romma. Eit lite hus var laga til som brudesvite. Stova var soverom med moderne bad og salong det som hadde vore kjøken. I eit skåp var kjøken med alt utsty, så plassen var vel utnytta. Verandaen rundt var ny.
Vi fekk lunsj der, lokal festmat frå dalen. Eg hadde tenkt meg noko kraftigare når det var frå Hallingdal. Suppa var både tynn og smaklaus. Attåt til kaffien fekk vi sprøtt tunnbrød med sukker på. Det var ein lett lunsj.
Vertinna fortalde vitsar og historier frå garden, men ho snakka så fort at det var ikkje godt å få med alt.
Klokka 14 reiste vi frå Huso Eventyrgard. Vi rakk ikkje å gå på sætra der det var film frå istida fram til i dag.

Vi hadde guide til den nye stavkyrkja og trengde tida til å køyre tilbake. Det hadde vore sol og fint veir, men vi fekk ei lokal byge på nedturen.

Vår lokale guide i inngangsdøra til stavkyrkja © Arnvid Nore
Vår lokale guide i inngangsdøra til stavkyrkja
Arnvid Nore

Den gamle stavkyrkja var flytta til Bygdøy og bygd opp der. Den nye kyrkja var bygd ferdig og vigsla 10. juli 1994 av biskop Osberg. Der var fine utskjæringar både ute og inne av Hans Slettbuås frå Telemark. Eit blomsterteppe var veve av Kari Stang, og ei rund smijernlysekrune var frå Ragnhild og Erling Lorentzen. Kyrkja var mykje brukt på sommarstid til bryllaup og barnedåp med ikkje altfor store lag. Der var ikkje varme. Vi song eit vers av Deilig er jorden før vi gjekk over til eit anna hus der det var film om korleis kyrkja vart bygd og om innvielsen. Det var ikkje så lang tid vi fekk på oss før vi måtte attende til hotellet og fordøye alle inntrykka.

Då vi kom inn på hotellet møtte vi Knut Waag som var ned og helste på kjentfolk. Sjølv jobbar han lenger oppe i dalen.
Etter middag skulle vi danse seniordans, men det gjekk ikkje så godt.

Onsdag
Neste dag var vi på Hallingglass. Vi fekk sjå ei jente som laga ei kule med lykkje på av ein klump glas, og ein mann som laga ei svane. Det var artigt å sjå kor lett han drog ut både stjert og hals av glasklumpen. Vi fekk tilbod om å prøve, men det var ingen som melde seg. Men mange kjøpte med seg minne derifrå.
Så gjekk turen til Langedrag med ein kjempestor parkeringsplass med mange bilar og mykje folk.

Langedrag © Arnvid Nore
Langedrag
Arnvid Nore

Vi fekk sjå kor dei mata gaupene og ulvane som passaren var inn til og kosa med. Han hadde hatt dei tre hannane sidan dei var små. Det var ikkje vanskeleg å sjå kven som var sjefen, han hadde dei under kontroll. Elles så var der merr med føll og mange andre hestar, skotsk høglandsfe med store hover, jak-oksar frå Himalaya og sauer. Men det var geitene som gjorde mest av seg, dei for over både bord og benker.

Ei geit og tre bukkar © Arnvid Nore
Ei geit og tre bukkar
Arnvid Nore

Til lunsj fekk vi brun lapskaus med tytebær og brød. Til kaffien var der vafler med røme og sylte. Vi serverte oss sjølve og det gjekk fint. Etter maten rusla vi rundt omkring til kl 14. Vi hadde sol og fint veir til kom nedatt til hotellet. Då kom ein skikkeleg skur.
Etter middag var det ein danske som spelte og song, men lysflimringa både på golv og vegger likte ikkje vi.

Torsdag
Neste dag vi vi klare for heimtur kl 9. Det var ein flott tur over fjellet i strålande sol langs eit langt vatn med mange hytter på både sider av vegen.
På Østerbø hadde vi stopp. Verten fortalde at der hadde budd folk frå 1600-talet, men på slutten av 1800-talet reiste mange til Amerika. Der var gravplass og. Der hadde vore overnattingsplass for driftekara frå Vestlandet og austover.
Dei som går Aurlandsdalen startar frå Østerbø, ein tur på 4-5 timar.
Dei har ope i påska og frå juni til september. Då var det reinjakt.
Vi fekk eplekake med krem og kaffi, og det smaka godt.

Oddfrid hadde skreve lodd på hotellet og på turen og dei 22 gevinstane vart trekte her.
Margun ga pakke til sjåføren frå alle for prikkfri køyring, og Arnvid ga presang til Margun frå Eid og Bryggja og takka turnemnda for ein flott tur.

Tre blide damer © Arnvid Nore
Tre blide damer
Arnvid Nore

Nedover gjekk det i mange svingar og tunnelar. Vi køyrde ut med fjorden til Flåm. Der måtte det har vore boble-treff for vi møtte ei lang rekkje. Ein turistbåt låg der og. Vi hadde siste måltidet der; lunsj med fritt valg av varm og kald mat og dessert. Vi såg oss litt rundt før vi reiste derifrå kl 15.
På Vestlandet var det både sol og regn, mest det siste. Vi hadde ein fin tur gjennom den lange Lærdalstunnelen. Sjåføren sa det tek 25 minutt. Tunnelen var både lys og fin.
På Skei hadde vi ei lita pause. Sjåføren laga kaffi til dei som ville ha. Kaker og brus fanst det att, og godteposen gjekk att og fram i bussen.

Vi hadde to songhefte. Egil spelte og vi song, så det var ein lystig gjeng på tur.
Våtedalen bar namnet sitt med rette for der hølja det ned. Det var berekna å nå ferja 18.45 og det gjekk fint. Så vart det ikkje så seint for sjåføren som skulle innatt og.
Den første gjekk av på Lote og mange på Eid. Knut Hildenes takka for fin tur. Han og kona var førstereis med pensjonistlaget.

Bussen var med Grendahuset ca kl 20.
Ein strålande tur var over.

Gå til nyhendearkiv

Midtpunkttreff i grendahuset med Pub, Mini-Quiz og Dans i Grendahuset den 29.desember, plakat
Prolog ved markèring av Bygdatun sitt 20 års jubileum i 2015
Bryggja Bygdatun
Program ut året for Bakeriet på Bryggja
Oppdatering grensejustering:
Vinnarar av gevinstar på salsmessa 2017
Bryggja Bygdatun

 

4. jan - 31. des
Bingo kvar mandag frå kl.19.00
29. des
Midtpunkttreff frå kl 19.00 i grendahuset med Pub, Mini-Quiz og Dans