Etter Bryggjatreff 2012

Skrive av: Bryggja Bygdatun, 25. May 2012

Vi har fått mykje ros for initiativet og mange gode tilbakemeldingar frå både tilreisande og fastbuande etter arrangementet 18. og 19. mai.

Vi ønskjer å dele ros og positiv respons med alle dei gode kreftene i bygda som har støtta oss og gjort ein stor innsats i samband med førebuing og gjennomføring av treffet:

Revygjengen og Baluba som har øvd i lang tid.

Bryggja Sanitetsforening som arrangerte kafé og ga heile inntekta til Grendahuset.

Hei og Hå 4H som laga ein kjekk og lærerik natursti.

Bryggja Skulemusikk som ga oss mykje fin musikk.

Vestavind for song og Dagfinn Hessevik for kåseri.

Annonsesponsoren vår, Økonor Bryggja.

Dei mange enkeltpersonane som stilte opp på ulike område; kjøken, servering, rydding og vasking, billettluke, og som vakter.

TUSEN TAKK TIL ALLE!

Helsing

Styret i Bryggja Grendahus