Bryggja Sanitetsforening

Velykka temakveld "Kvinnehelse" med foredragshaldar Kristianne Nore. Inviterte kvinner frå 16 til 100 år.

Skrive av: Randi Husevåg, 13. Feb 2024

Bryggja Sanitetsforening inviterte alle damer mellom 16 og 100 år frå Bryggja til temakveld i Bryggja Grendahus. 

Det kom 65 damer og det blei ein trivelig kveld. 

Lege Kristianne Nore hadde foredrag om kvinnehelse og kvinnesjukdomar. 

I pausen underheldt damekoret Vestavind, og der vart servert mat og kaffe.

Lillian Sæthre ønskte velkomen, og kjøkkengjengen Toril, Elin og Sissel serverte god mat.