Ovtru

Ovtru var det like mykje her i bygda som i andre bygder. Ovund trudde dei mykje på og freista å verja seg mot ovunds menn. Fyrst i dette hundradåret pakta Rasmus Rød inste bruket på Totland nokre år, medan eigaren var i Amerika.

Ein vinter vart han so uheppen med krøtera, og um våren, då dei tok ut møka or smale fjøsen, gav han seg til å leite vel kring dørstokken um det skulde vere innlagt noko.

Han kom då fram på noko bein som folk truleg hadde lagt der. - So var det å finna gjerningsmannen. Han samla beina vel i hop, gjekk so i smia og gjorde opp eld og la beina i avlen. Då det hadde brent ei heil stund, kom det ein gamal mann frå ein av grannegardene inn smiedøra. Han helsa og spurde kva det var han smidja på.

“Du får sjå bort i avlen”, sa han Rasmus.Mannen so gjorde, snudde og gjekk ut att og sa ikkje eit ord.-