Bilder frå Friluftsdag ved Lefdalsvatnet

Skrive av: , 24. May 2006

Søndag den 28.mai 2006.

Vi var over 70 personar samla ved Lefdalsvatnet på søndag. Flott arrangement av 4H, Jegerforeninga og utviklingslaget. 4H starta med gå-bingo frå Naveosen kl 1400 og mange fekk premiar inn ved vatnet.

Randi Husevåg orienterte om prosjektet, der det har vore mange dugnadstimar. Øystein og ungane opna stien med å sage over eit tre. 4H steikte sveler på bålpanne og grilla laks og bakt potet i folie. Kjempegodt.
Jegerforeninga hadde med fisketroder som vi prøvde fiskelykka med, men fisken var ikkje lett å få på kroken idag.

Takk til alle som deltok.